4 dagar til eg får julebesøk!

4 dagar til eg får julebesøk!


Onsdag 20.desember kjem desse fire(pappa, mamma, Kjell- Magne og Bjarte) frå Norge til Peru, for å feire jul og litt til ilag med meg. Det har eg venta lenge på, og eg gler meg sånn til dei kjem! Etter litt julefeiring her i Arequipa skal vi eit par dager til kysten, før vi drar oppover i fjella til Titicacasjøen, og vidare til Cusco og Macchu Picchu. Dette blir gøy!!!

Øving på julespel

Øving på julespel


Mandag 18.desember skal det vere juleavslutning på DNS i Arequipa, og til da må julespelet vere ferdigøvd. I år er heile julespelet ein sang, og elevane er kjempeflinke.

VANNDAG på Den norske skolen

VANNDAG på Den norske skolen


Kvar ellevte dag er elevane heilt i hundre, og roper "Vanndag", i det vi køyrer inn på skulens område.
Kanalar vert åpna, og gras og planter skal få det vatnet dei treng. For elevane vil dette seie at det er mykje vatn å leike i. Elevane synest det er veldig kjekt med vanndag. Det er kanskje ikkje så rart når det regner svært så sjelden her i Arequipa.

Juleverkstad

Sist tysdag hadde vi juleverkstad på DNS ,og vi hadde også besøk av dei fire elevane frå skulen i Cusco. Julemusikken ljoma i veggane på DNS. Elevane var opptatte med å få gjort ferdig tinga sine.
Vi hadde fire poster på juleverkstaden. Elevane laga pepperkaker, raude hjerter i tre(lysestaker), esker i papir med dekor på og "snø- og-vatn-i-glass-greie".
Ein god dag med mykje julestemning. Både vaksne og barn kosa seg.
Spesielt kjekt var det at vi var 11 elevar og ikkje 7 som vi er til vanleg. Men grunnen til at den eine danske familien frå Cusco er her, er at Freia på 10 år skal undersøkjast av leger her. HO har vore sjuk lenge no. Så ver med å be om at dei må finne ut kva det er, og at ho må bli frisk!
(PS: du kan sjå mange fleire bilder på nlm.no--> misjonsfelt--> peru--> Den norske skolen + på bloggen til Pernille og Thomas: www.thomasogpernille.blogspot.com (som alltid er oppdatert!))

Amalie maler lysestaken sin

Amalie maler lysestaken sin


Mesterkokkane Christer og Amalie

Mesterkokkane Christer og Amalie


Håkon og Daniel(frå Cusco) lager pepperkaker

Håkon og Daniel(frå Cusco) lager pepperkaker


Pepperkakebaking

Pepperkakebaking


Torsdag kveld kom Yolanda, Tina og Paloma(+ lillebror Sebastian) bort til meg for å lage pepperkaker. Det var koseleg med julemusikk og baking og godt selskap. Eg var litt spent, for eg har vel ikkje akkurat slitt ut verken ovnen eller andre ting på kjøkkenet i løpet av hausten. Men det gjekk bra, pepperkakene "smakte ikkje så verst"(som nordfjordingen seier). Når vi hadde stekt alt laga vi kakao til, og sat å prata. Sebastian på 10 år sovna i sofaen, og begynte å gå i søvne...
Fin kveld.

Jesus og Josefine

Jesus og Josefine


Kvar morgon i adventstida er vi samla foran TV-en for å sjå adventskalender. Og det trur eg eg like spennande for dei vaksne som for barna.

Culto Unido / Fellesgudstjeneste

Culto Unido / Fellesgudstjeneste


I dag, 3.desember var det fellesgudstjeneste for alle kyrkjene i IELP(Iglesia Evangelica Luterana Peru) i Arequipa.
Tema var evangelisering. Misjonær Geirmund skal jobbe med dette, og lage eit evangeliseringsopplegg. Han delte tankar rundt dette, og alle vart utfordra til å begynne med sine nærmaste, familie og vener. Vi fekk ein lapp, kor vi kunne skrive navnet på 3 personer, som vi vil be for, snakke om Gud med..
Dette var noko som rørte ved alle som var i kyrkja! Antall personer i kyrkja har ikkje stege dei siste åra.. Etterpå satt alle kyrkjene i grupper, og snakka konkret om kva vi skulle gjere for å få med fleire.
Dette var berre starten, og det blir spennande å sjå kva som skjer!

Adventssamling på DNS

Adventssamling på DNS


I ettermiddag, 3.desember, hadde vi adventssamling på den norske skulen. Vi sang julesanger, tente adventskransen, elevane sang nokre sanger, åpna adventskalender, Pernille fekk oss til å tenke over at vi ikkje må gløyme hovedpersonen i jula. Vi må invitere han i bursdagen hans. Og det kan vi for eksempel gjere med å be til han, og tenke på han når vi syng julesangane.
Til slutt drakk vi kakao og åt paneton(liknar litt på julebrød, med sukat i). Dette er typisk julemat her i Peru. Dei et det som kaffemat i Norge trur eg.

Eli og Teodor

Eli og Teodor


Vi såg på adventsprogram. Det vart ein gamal VHS med Eli og Teodor. Morsomt. Men det er altså ikkje denne vi skal sjå til vanleg på skulen. Vi skal sjå ein dansk adventskalender, Jesus og Josefine, men den har ikkje komt i posten enda.

Adventskalender i vinduet

Adventskalender i vinduet


Frå venstre: Arild( med datter Ariana), Roar, Jenny og Soili.
I bakgrunnen kan du sjå adventskalenderen vår på vindua, og ein rosa solnedgang utanfor.

Julestemning på kjøpesenteret

Julestemning på kjøpesenteret


I dag var eg og åt middag med familien Hamre og Soili på Saga, eit(eller det eine) kjøpesenter her. Der er sånn FoodCourt, eit stort område der du kan ete uansett kor du har kjøpt maten(det er nok 7-8 ulike fastfood.kjeder der). Iallefall, mens vi sat og åt, høyrte vi plutseleg flotte mannsstemmer som sang O Holy night. Det var 4 unge gutar som sat på bordet ved sida, som sang. Dei fortsatte i sikkert 10 min med ulike sanger, og fleirstemt. -og plutseleg så forsvant dei. -etter at alle fire berre hadde delt på ein pommes frites... Morsom opplevelse.

Jul i stova :)

Jul i stova :)



Det er alt 2.desember, og ikkje lenge til jul! Eg gler meg som ein unge til jul(eg får jo besøk!), og i tillegg er eg så heldig at eg gler meg mykje til alt som skal skje før jul og. Å vere lærar i adventstida, kan vel ikkje vere noko anna enn koseleg! Det er mange år sidan eg har fått gjort så mykje ut av adventstida som eg trur eg får gjort i år.
Kvar dag på skulen er det lystenning, julesangar, åpning av adventskalender, dvd- titting på adventsprogram. Høyrest det ikkje bra ut? I tillegg skal vi ha adventssamling med alle foreldre, søsken og misonærer i morgon, juleverkstad, juleavslutning + mykje kos.
I går fredag 1.desember tok vi fram julepynten, og pakka opp plastik- juletreet frå kassa. Vi pynta medan vi høyrte på julemusikk(på gamle kasettar.. DNS bør få nye juleCD-ar!)

Eg trur ikkje det skal vere nokon fare for at elevane skal gløyme at det er advent, sjølv om det er lite som liknar på kald(eller mild) ruskete norsk adventstid, med mørke morgoner og ettermiddager.
Her blir det berre varmare og varmare.. dei siste dagane har eg flytta meg til skuggen i friminutta, for det er for varmt(no tåler ikkje eg så mykje varme heller da...)

Eg har også pynta i leiligheten min! Og eg e ganske fornøgd. No sit eg her og høyrer på julemusikk. På mandag skal Beathe og eg ut å leite etter juletre. Lurer på om eg skal ha farga lys som blinker? Og kanskje med musikk og?

Hehe, i går tidleg når søppelbilen køyrte forbi, var det ikkje lenger Titanic-sangen som vart spelt. No var det ein julemedley med 3 sanger: We wish you a merry christmas, bjelleklang og Rudolf er rød på nesen. Det er mangt ein kan komme i julestemning av.

I morgon tidleg er det Culto Unido, det vil sei fellesgudstjeneste for alle kyrkjene!

For 2000 år sidan vart Gud menneske. Jesus vart meir enn eit lite barn som låg i ei krybbe. Han viste oss kven Gud var, og tok på seg all vår skyld. Utan påska, blir jula lite.. Dei to høgtidene heng tett saman! På grunn av Jesus kan vi få vere sammen med Gud, som er hellig.

God adventstid alle sammen!

Julepynting

Julepynting


img