Skuletur til Cusco

Sist veke dro DNS(Den norske skole) i Arequipa på besøk til DNS i Cusco. I Cusco er det nemlig 4 danske elevar. Vi dro avgårde mandag morgon og kom tilbake fredag kveld. Danskane, men lærar Bjarne i spissen hadde spikra eit supert opplegg for oss heile veka. Vi fekk sove på skulen, og nokre hos dei danske misjonærane. Vi lærte mykje om inkaene, og fekk sjå mykje flott. Og ikkje minst hadde vi godt selskap i våre venner i Cusco. Det er flott med ei annleis veke, og å vere litt fleire. Takk for gjestfriheten cuscenere!
I slutten av februar skal vi igjen vere saman på svømmeveka på kysten!
Ellers gjenstår det å seie at Cusco er ein vakker by, med mykje historie. Og eg gler meg til eg skal tilbake dit i jula når eg får besøk. -og no kjem mange bilder frå turen:)

Amalie

Amalie


Amalie sovna på meg i bilen..

Matpause på bibelskulen

Matpause på bibelskulen


Vi stoppa på bibelskulen Clet i byen Juliaca, som ca ligg på halvveisen mellom Areuipa og Cusco.
I januar og februar/ sommarferien er det bibelskule her for ungdom.

Slik kunne hus langs vegen sjå ut..(laga av adobe/ soltørka jord)

Slik kunne hus langs vegen sjå ut..(laga av adobe/ soltørka jord)


-eller slik..(her regnar det!)

-eller slik..(her regnar det!)


Grønnare..!

Grønnare..!


For oss som bur i Arequipa(ligg i ørkenområde), er det så deilig å sjå grøn natur! Og det er ingen som klagar om det kjem nokre regndråpar. Da blir berre stemninga betre. Eg har faktisk ikkje opplevd regn i Arequipa. Men eg høyrte rykter om at det regna bittelitt akkurat då eg var på den herlige turen min til posten for å sende pakkar;) Men eg var jo der så lenge at eg ikkje merka noko..

Morgonsamling

Morgonsamling


Kvar dag vart starta med morgonsamling på skulen, der vi sang og las i Bibelen.

Trange gater

Trange gater


Dette bildet er tatt frå taket der vi budde. Vi budde i lokala til skulen, og i første etasjen var kyrkja. På taket hadde barna litt leikeapperat. Men ellers var det lite plass til å utfolde seg i fri luft, i forhold til kor stor plass vi har i Arequipa.
Kvar gang vi skulle ut og inn med bilen var det eit prosjekt. Det er faktisk ein grunn til at gatene er så trange. Når folk begynte å bygge hus her, så var det satt av areal til offentlig veg i mellom husa. Men når det tok tid før vegen kom, så tok berre innbyggerane litt av vegen alle saman, og sat opp gjerde. Så da endte dei opp med denne smale vegen. Kommunen krevde altså ikkje tilbake arealet..

Sacsaywaman

Sacsaywaman


Sacsaywaman skal ha vore eit soltempel i inkatida. Vanvittig store steinar er med på å bygge opp dette området. KOr dei kjem frå veit ingen sikkert. Men dei har prøvd, og funne ut i seinare tid, at visst mange nok hjelper til, så kan enormt store steinar flyttast med handkraft.

Naturlige rutsjebaner

Naturlige rutsjebaner


På Sacsaywaman- området var det naturlege rustjebaner, det var artig!

Eg i rutsjebana

Eg i rutsjebana


Det var gøy! Men eg vart seff våt i rumpa når eg kom ned, for der var ein sølepytt;)

Cusco sett ovenfra

Cusco sett ovenfra


Cusco sett frå Sacsaywaman. I Cusco er det regler om at alle hus på ha teglstein på taket(derfor er det så rødt).

Middag hos danske misjonærer

Middag hos danske misjonærer


Kvar dag fekk vi middag hos dei danske misjonærane. Og barna fekk leika saman, mens vi slappa av.
her er f.v. Håkon, Christer, Magnus, Asbjørn Knut, Rebekka, Arvid, Amalie og Daniel.

Onsdag: Tur til Pisac

Onsdag dro vi til byen Pisac, som ligg ein time frå Cusco. På vegen køyrte vi gjennom den hellige dal. Framm i Pisac fekk vi nybakt brød med bakaren, og kjøpte litt ting på markedet. Vi dro vidare for å sjå ruiner og terasser frå inkatida.
Om kvelden når vi kom tilbake til Cusco fekk vi lærarane litt fri, og fekk oppleve Cusco by night.

Den hellige dal

Den hellige dal


Nedi dumpa er litt av den hellige dal. Dalen var hellig for inkaene fordi den var så frodig og fruktbar(dei trudde jo på moder jord og fader? sol?)

Bakaren i Pisac

Bakaren i Pisac


Dette er bakaren i Pisac. Her kom kokkar frå andre restauranter, og fekk steikt maten sin. Vi åt nystekt pizzabrød; nydeleg!
Pisac var ein sjarmerande liten by, med veldig trange gater. På plazaen var det eit stort marked.

Marsvin til lunsj?

Marsvin til lunsj?


Ved denne bakaren, kunne ein også velge seg ut eit marsvin blant desse, som skulle steikast. Eg lot vere denne gangen, men eg må vel smake snart? -Æsj, eg tenker berre på marsvinet som eg hadde som liten; Gulli..

Vannkanaler

Vannkanaler


For å få vatn til terassane(som du kan sjå på bildet under) brukar dei eit kanalsystem, slik som på bildet. Fasinerande opplegg..

Ruiner og terasser

Ruiner og terasser


Her er ruiner fra inkatida, og terasser med dyrka mark. Det er fantastisk å sjå korleis dei kan utnytte jorda, sjølv om det er bratt.

Hus laga av adobe

Hus laga av adobe


Veldig mange hus er laga av adobe (soltørka byggestein). Det er jordstein, i stadenfor murstein. Det skal visst holde godt på varmen.

Ruiner utanfor Pisac

Ruiner utanfor Pisac


Meg og Beathe ved nokre ruinar utanfor Pisac

Cusco by night

Cusco by night


Muren til høgre er frå inkatida, og der er også den berømte 12-kanta steinen. Muren er fundament for fleire hus, og under jordskjelv har husa blitt øydelagt, men muren frå inkatida har stått.

Kunst-restaurant

Kunst-restaurant


Onsdag kveld fekk vi barnevakt eit par timar mens vi vaksne gjekk ein tur i byen: Cusco by night. Det var fint. Vi var på ein veldig spesiell og fin restaurant. Det var kunst overalt her. Og bordet som de ser på bildet er eit badekar som fungerer som eit akvarium med fisker i. Veldig stilig.

Plaza de armas by night

Plaza de armas by night


Dyrehage og Zona X

På torsdagens program stod zoologisk hage og Zona X.

Kondor

Kondor


Dåkke som følger ivrig med her, husker at vi var på skuletur til Colcadalen, og såg kondor der. Her fekk vi sjå den på nærare hald. Men dette var det dyret som det var mest trist å sjå innebura. Den e jo skapt for å fly over enormt store områder(Kan gjere fly 250 km på ein dag for å finne mat). Vi fekk høyre at dette var ein god dyrepark for dyra i forhold til andre her i Peru.

Vakkert!

Vakkert!


Strutsen

Storken


Strutsen var nesten det kulaste dyret. Den har ein veldig morsom måte å gå på, og er vanvittig stor!

Zona X

Etter vi hadde vore i dyrehagen dro vi til eit område som heiter Zona X. Her er det mange tunellar og huler som vi kunne gå inn i.
Nokre meiner nokre av hulene er frå Inkatida, då dei skulle ha stein til gudetempel, som til dømes Sacsaywaman. Barna storkosa seg iallefall her!

Arvid på veg inn..

Arvid på veg inn..


Arvid er minstemann på 5 år, og han går i børnehaveklassen? (dansk system)

Meg på veg inn i ein tunell

Meg på veg inn i ein tunell


Eg syns det var veldig artig med desse hulene og tunellane. -Og barna digga det! -Elevane i Cusco hadde uteskule i dette området før skulebygget var ferdig, og dei har funne over 40 huler og tunnellar. Nokre var for små til at eg kom meg inn;) Og dessuten var eg ganske redd for å få eit eddekoppbol i hovudet!

Rektor- Beathe ;)

Rektor- Beathe ;)


Her er Beathe inni i ein tunell.
Beathe er gift med Rafael som er frå Peru, og dei skal vere her i akkurat same tidsrom som eg. Rafael er assistent på skulen, og har også musikk(er musiker) og spansk.

Amalie og Rebekka

Amalie og Rebekka


Amalie(2.kl., min elev her i Arequipa) og Rebekka, som er dansk og bur i Cusco.

Smale gater i Cusco

Smale gater i Cusco


Torsdag ettermiddag var vi ein liten gjeng som fekk litt omsvsning i Cusco sentrum. Utruleg fin by. Mange har jo sagt det til meg, men eg vart likevel overraska. Det er mange smale og trange gater, og murar som er frå inkatida. Historisk og flott by.

Den store katedralen i Cusco

Den store katedralen i Cusco


Plazaen er i framgrunnen.

Ein søt plaza i Cusco

Ein søt plaza i Cusco


Alle byar i Peru har ein plaza lidt i sentrum. I cusco var det fleire, også denne. Cuscoflagget svaier i vinden og bobla(som du ser overalt her) er sjølvsagt med.

El buen Pastor

El buen Pastor


Her er nokre av ungdommane i kyrkja El buen pastor(den gode hyrde). Eg trur eg har bestemt meg for at det er her eg vil gå fast. I går kveld var det ungdomsmøte der. Vi skulle ta avskjed med Joel, ein av ungdommane, som skal flytte til Argentina. Han har vore leder i dansegruppa i kyrkja, og er ein fasinerande person. Han vart kristen for eit år sidan, og vart også helbreda for kreft. (du kan lese meir om han her: http://www.nlm.no/?pid=150&section=news&rowcount=0&id=8298) Det var sikkert 40 personar i kyrkja i går kveld!

I dag tidleg var eg på gudstjeneste i same kyrkja. Etter møtet var slutt, sat eg igjen med fleire ungdomar og sang lovsanger. Flott oppleving!

Eg kjem sterkare tilbake med bilder av Cusco-skuleturen som vi hadde sist veke.

Julegaver, effektivitet og Cusco

Dei siste dagane har gått med til å ordne med julepakkar som skal sendast til Norge. Eg kom plutseleg på at det tar jo over 1 mnd å sende pakkar. Så da vart det julegavemaraton på meg. Det var ganske koseleg, og eg fekk nesten litt julestemning(ja, det er julepynt i butikkane her no).

Men skulle gjerne hatt bedre tid. I går skulle siste etappe gjerast; gå i posten å poste pakkane. Det trudde eg skulle gå lett, for eg hadde nettopp brukt veldig lang tid på å tape og emballasjere alt godt. Det første dama i kassa seier er "Kva har du oppi?" Eg seier det er julegaver, men ho kan jo sjølvsagt ikkje tru på meg, så eg må begynne å pakke opp. HO sa eg måtte pakke opp alle, og vise alt! -Eg hadde jo nettopp brukt fleire timar på å pakke alt inn!!!!! Eg holdt på å begynne å grine, at det går an!!! Heldigvis holdt det med å pakke opp ein av pakkane. Men eg måtte sjølvsagt tape bedre, og skrive avsender og mottaker på andre plassar. -og dama var ikkje akkurat hjelpsom. Eg skal ikkje legge meir ut om detaljane, men mykje irritasjon og 1,5 time seinare kom eg meg ut av posten. Tanken om effektivitet som er så sterk i Norge, trur eg ikkje det er mulig å finne her. Dette kan til tider skape mykje irritasjon for ein effektivist:) Men det skal seiast at dama bak disken avslutter sekvensen med å spør korleis det er i Norge no, om det er snø osv.,. Da er alt greitt, og eg smiler mens eg går ut.

I dag(søndag) skal eg i kyrkja, så skal vi misjonærane opp på Den norske skulen : grille, spele fotball og volley, slappe av. det er valg i dag, så dei fleste kyrkjene har ikkje gudstjeneste, difor skal vi samlast.
I morgon drar Den norske skulen til Cusco, 9 timar frå Arequipa(hovedstaden i Inkariket, nært Machu Picchu). Der skal vi vere til fredag. DNS har 4 danske elevar i Cusco, og vi skal besøke dei, og sjå på mange av dei historiske plassane. Det blir spennande!

Dugnad på ferieplassen i Mejia

Sist helg dro misjonærane til kysten, til ferieplassen i Mejia for å ordne i stand alt til sesongen. Det var vasking, maling, rydding+++ Å vaske etter at ein hus ikkje har blitt brukt over lenger tid, er ikkje min favorittjobb, for det yrte av edderkoppar. Men eg måtte jo berre ta dei, stod med ein lang kost og tok alle, mens eg beit saman tenna og lit det stå til. Etterkvart brukte eg og støvsugar(det gjorde susen!). Deilig å vite at det forhåpentligvis er mindre edderkoppar der når eg skal vere der seinare. Men eg trur aldri eg kjem til å overvinne denne skrekken...

Basseng med Stillehavet i bakgrunnen.. Idyll!

Basseng med Stillehavet i bakgrunnen.. Idyll!


Det er enda ikkje så varmt at det er deilig å ligge ved bassenget lenge. Men vi tok oss likevel kveldsbad og "dagbad".. Ut i desember, januar og februar fortel rykta at det skal vere veldig varmt her. Og da våkner også byen Mejia(5 min køyretur unna) til live. Den er nesten heilt død gjennom vinterhalvåret.
Dette er ein skikkeleg fredfull plass, som er som ein reatreat for oss som bur i millionbyen til vanleg... Herleg å føle at ein trekk inn frisk luft!

Dei vaksne tek seg ei lita kaffepause.

Dei vaksne tek seg ei lita kaffepause.


-mens lille Johannes leika seg..

-mens lille Johannes leika seg..


Johannes Hamre er ein liten luring. Han har detluraste, litt rampeaktige smilet eg trur eg har sett hos ein unge.

Legg din veg i Herrens hand...

GLED DEG I HERREN! SÅ SKAL HAN GI DEG DET DITT HJERTE TRAKTER ETTER. SETT DIN VEI I HERRENS HÅND, OG STOL PÅ HAN. HAN SKAL GJØRE DET.

eller på nynorsk:

Ha di lyst og glede i Herren, så skal han gje deg det hjarta ditt ynskjer. Legg din veg i Herrens hand, lit på han, så skal han gripa inn.
(salme 37, 4.5)

På misjonærmøtet i kveld vart eg minna på desse versa. Syns det er så godt å lese det.

Gud veit alt om meg. Han kjenner meg bedre enn er gjer sjølv. Han er så vanvittig mykje klokare enn meg. -og ser større på ting enn lille meg gjer. -Og i tillegg til dette, så vil han meg(og alle menneske) berre det beste. Kva er vel då bedre enn å stole på han??!!!
Likevel er det oftast lettast å stole meir på seg sjølv enn Gud, og først prøve å finne ei løysing på problem sjølv. -i staden for å søke Gud først.
Gud veit kva vi treng, og vil gje oss det. Vi treng ikkje bekymre oss, men vi kan få fortelle alt vi tenker på til Gud, og hans omsorg for oss er uendeleg. (Les gjerne matt. 6, 25 -34)


Dagens utfordring for meg er iallefall å sette Gud på førsteplass, og bruke meir tid med han i kvardagen.

Ønsker dåkke ei velsigna god veke, alle saman!

Til dei bilinteresserte..

Eg vil anbefale alle bilinteresserte (og andre), å ta ein titt innom Pernille og Thomas sin blogg. Dei har ein bildeserie om trafikken i Peru.
www.thomasogpernille.blogspot.com

Den norske skulen i Peru på Colcatur

Sist veke hadde vi FUGLER som tema på skulen. Og i den anledning dro vi på skuletur frå torsdag til fredag. Målet vårt var Colcadalen, der ein kan sjå fuglen kondor.
Vi dro torsdag morgon frå Arequipa, og turen til Chivay, kor vi skulle overnatte tok 3-4 timar. Vi køyrte gjennom veldig øde landskap. Og var på det høgaste på 4800 moh. Då vi kom fram i Chivay åt vi lunsj på plazaen der. Etterpå dro vi til dei varme kildene utanfor Chivay; fantastisk!
Neste morgon var det tidleg opp for å få muligheten til å sjå kondoren. Vi dro frå hostallet vårt kl.06.30, og køyrte i 1,5 time på grusveg, før vi kom inn dit vi skulle sjå kondorane. Landskapet var vilt, bratt, vakkert. Vi såg 4-5 kondorar, og var fornøgde. Vi fekk også kjøpt med oss litt Colcasuvenirer. Så bar det tilbake til Chivay, der vi år ein herlig buffee. Og så tilbake til Arequipa. Ein kjempeflott tur var det. Og særleg kjekt å dra på tur når elevane er så positive og greie!

Ut på tur!

Ut på tur!


Det vart mange timar i buss desse to dagane. Men vi fekk tida til å gå raskt ved hjelp av sang, høgtlesning, gåter og musikk...

Grusvegar

Grusvegar


Den stakkars Toyotaen vår fekk hard medfart på turen. På vegen til Chivay køyrte vi over ein halv time på grusveg. frå Chivay og inn Colcadalen var det berre grusveg, 1,5 time. -vanvittig når ein veit kor mange turistar som drar hit kvar dag!

Lamaer

Lamaer


På vegen såg vi mange lamaflokker. -ser ut som sauer med forvokste halsar;)

Chivay

Chivay


Endeleg såg vi byen Chivay, som er den største byen i Colca. Her skulle vi sove.

Varme kilder utanfor Chivay

Varme kilder utanfor Chivay


Vi var i desse varme kildene i 2-3 timar torsdag ettermiddag, og koste oss skikkeleg. det var 5 ulike basseng der. Herlig!
Dette bassenget var så varmt at ein nesten brente seg..

Varme kilder

Varme kilder


Nokre basseng var mindre fristande enn andre...

Nokre basseng var mindre fristande enn andre...


Håkon og meg

Håkon og meg


Elevane mine

Elevane mine


Dette er dei tre elevane som eg har hovedansvar for:
Håkon Hamre(2.kl), Christer Daniel Herigstad(3.kl) og Amalie Monsen (2.kl). Dei beste elevane ein lærar kan ønske seg :)

Meg med Colcadalen bak

Meg med Colcadalen bak


Colcadalen er verdens djupaste dal. (eller det er ein som er litt djupare, men det fann forskerane ut for berre nokre få år sidan, så den er ikkje så kjent)Det er iallefall 3400 meter frå toppen til botnen. Og frå der vi stod var det 1200 meter ned!

KONDOR!

KONDOR!


Desse to prikkane er altså kondorer! Vi såg nok 4-5 kondorer, men dei var eit godt stykke i frå oss..
Kondoren er verdens største flygande fugl, og har eit vingespenn på opptil 3,2 meter. Den er gribb, og et døde dyr. Kondoren kan bli 50 år eller meir!

Indianerdame

Indianerdame


Langs vegane, og der alle turistane stoppa for å sjå kondoren, stod det indianerdamer, som ville selga tinga sine. Flotte drakter!

Vill natur

Vill natur


Colcadalen, på veg tilbake til Chivay, kor vi budde.

Søt jente..

Søt jente..


Ei veldig søt og kosete jente på restauranten på hostallet der vi sov. Ho hoppa opp på fanget og ville ha klem:)

SNØ!

SNØ!


På veg tilbake frå Arequipa begynte det å snø oppe på fjellet. Alle måtte ut, for dette er ikkje kvardagskost for oss som bur i Peru. Den eine danske guten hadde ikkje sett snø på iallefall 4 år! På bildet er Knut Hamre, 11 år, som er eldstemann på skulen.
På det høgaste køyrte vi på omtrent 4800 moh.

Skuletur til Colcadalen

Skuletur til Colcadalen


Her er alle samla i Colcadalen. Herfrå såg vi 3 kondorer. Dei var ganske lagt borte da men...

Allehelgensdag på gravplassen

Allehelgensdag på gravplassen


Gravplassen sett frå Den norske skulen. Vi dro opp dit siste timen på onsdag, som var allehelgensdag. Denne dagen blir feira annleis her i Peru enn i Norge. Gatene var avstengt for bilar, og fyllt opp med tivoliting, boder der dei serverte mat, solgte papirblomster eller ekte blomster for å sette ved gravene. Det var feststemning overalt.

Fullt liv på gravplassen

Fullt liv på gravplassen


Folk samlast på gravplassen på Allehelgensdag, og er der heile dagen o utover natta. -Dei steller gravene, har med seg mat til dei døde og seg sjølv, syng for dei døde. Det er fullt av folk også i gatene i nærheten, nesten som 17. mai i Oslo.. -Det som er dumt er at folk ofte drikk mykje, også på gravplassen, og barna må kanskje vere saman med fulle vaksne..

MARSVIN... MMM...

MARSVIN... MMM...



Marsvin, ein spesialitet i Peru! Dåkke skal få smake det om dåkke kjem hit;)

Festival de musica

I staden for å feire Halloween, samlast alle kyrkjene til "Festival de musica" tysdag kveld. I heile 4 timar var det fartsfylt musikk og god stemning i kyrkja. Det var mest ungdommar som var aktive, og mykje lovsang. Men også grupper med anna musikk framførte nummer. Rafael (som er gift med rektor- Beathe:)), har ansvar for ei nyoppstarta ungdomsgruppe i ei av kyrkjene. Han er profesjonell musiker, spelar peruansk folkemusikk. På ungdomsgruppa kan ungdommane lære å spele gitar eller sampona(liknar på panfløyte), og denne gruppa framførte også fleire sanger.
Det var ein kjempeflott kveld! -all ære til Gud!

Gruppe frå kyrkja Sion

Gruppe frå kyrkja Sion


Dette er ungdommar frå kyrkja "Sion", som er kyrkja ved skulen Diego Thomson(for dåkke som følger med..). Eg har vore eindel i denne kyrkja, og vore på tur med desse ungdommane. I denne kyrkja er det mykje ny lovsang med litt fart i:)

Ungdomsgruppa

Ungdomsgruppa


Dette er ungdomsgruppa som eg har vore med i haust. Det er ungdommar på tvers av kyrkjene. Vi har hatt alfakurs og no har vi om å vere kjærester/ finne seg kjærest. Kvar onsdag møtes vi hos Arild og Jenny; syng, har undervisning, snakkar, ber og et litt.
Vi sang to sangar som var oversatt frå norsk til spansk("For en mektig Gud vi har" og "Vi er her for å prise ditt navn").

Gruppe frå kyrkja Cristo vive ( Jesus lever)

Gruppe frå kyrkja Cristo vive ( Jesus lever)


Flott sang og innlevelse frå jenter i kyrkja Cristo vive. Judith som syng til høgre er også med i ungdomsgruppa.

Besøk frå Juliaca

Besøk frå Juliaca


Misjonen har også søsterkyrkjer og bibelskule i byen Juliaca(ein fjellby 5 timar herfrå). Her er ei gruppe frå kyrkjene i Juliaca, som var på besøk. Dette var noko heilt anna enn dei andre innslaga, sangstemmene til damene var veldig uvante: veldig spiss og skarp lyd. Det er visst kultur for å synge slik i kyrkjene der. Dei haddde ein spesiell innlevelse, og bevegelser til sangen. Flott og annleis.

Danserane frå kyrkja Buen Pastor

Danserane frå kyrkja Buen Pastor


Desse ungdomane er frå kyrkja El buen Pastor. Guten i midten(og ein til som er utanfor biletet) var spesielt flinke å danse sånn `breakeaktig`. Veldig imponerande og kult!

img