Eit år er over..

Eg har vore fryktelig dårlig å legge ut ting på bloggen i det siste..
Men eg vil skrive litt no, sidan det er to dagar til eg drar til Norge.
Den siste tida har det skjedd mykje; elevane på DNS har gitt ut CD, det same har ungdomsgruppa som eg er med i (Luteranos al toq, som hadde lanseringskonsert/ lovsangskveld!),  vi har hatt besøk av ein peruansk skule på DNS, eg har fått to utdrikningslag(eit med språkskulen og eit med misjonærdamene).
Begge kveldane var fantastiske!! Eg har vore i Juliaca og sett på hus til neste år(der vi skal bu), og det har vore diverse avslutningar(skule og med misjonærar. I går kveld var eg i bursdag til ei i ungdomsgruppa.  
Eg har fiksa ulike ting til bryllupet, og no er brudekjole og program klart! -håpar på at bordkorta er klare i måra... Ein bør ha ein smule tolmodighet her i Peru, det er ikkje alltid ting går som ein trudde, eller at ting tar så lang tid som ein
har fått beskjed om..
Sjølv om sola skin og himmelen er blå, så merker eg at det er vinter her no. Om ein ikkje held seg i sola blir det fort kaldt!! -eg er heldig som får tre somrar på eit år!!!

Tirsdag morgon reiser eg altså til Norge!! -Eg gler meg vanvittig til å vere med forloveden min; Kjell-Magne, familie og vener, og til å vere i Norge!!  -og sjølvsagt ser eg veldig fram til den store dagen; 14. juli då Kjell- Magne og eg skal gifte oss!!
Eg kan konkludere med at dette året har vore utruleg bra! -eg har trivst veldig godt i jobben som lærar på DNS, og det har vore kjekt og spennande å bli kjent med ungdommane i kyrkja, eit nytt land, eit nytt språk, og misjonærane er noken herlege folk!
So: i`m happy:) 

God sommar!! (vinter til de som er i Peru;) )

( no blir det nok ikkje blogging på ei stund her....)

I Juliaca

I Juliaca

Arequipa by er heilt gul av små taxier, men i Juliaca er det sykkel/ moto-taxi som  er tingen!
Her skal eg og Kjell.- Magne bu frå september! Byen ligg på 3800 moh!!, og det er ikkje langt frå Titicacsjøen.
Byen er kjent for å vere stygg, kald, og full av søppel og dritt,men vi gler oss! Det blir nok veldig annleis enn å bu i Arequipa.

Katedralen ved Plaza de Armas by night

Katedralen ved Plaza de Armas by night

Plazaen i Arequipa (som bildet er tatt frå) har eg lest blir rekna for å vere Latin-Amerika sin vakraste sentrumsplass. Er eg ikkje heldig som bur her?!! Det eine tårnet på katedralen raste forresten ned under det  store jordskjelvet i 2001.

Lovsang i kyrkja

Lovsang i kyrkja

Her er deler av Luteranos al toq, ungdomsgruppa på tvers av kyrkjene. Vi leda lovsangen på gudstjeneste i ei av kyrkjene. 

juni 2007
ma ti on to fr
        1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18
19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30