17. mai feiring i Peru
17. mai vart feira på Den Norske skulen her i Arequipa. -og på mange måtar var det som å feire 17. mai
i Norge. Vi starta med barnetog(vel 300 meter), sang dansk, peruansk og norsk nasjonalsang.
Så var det tid for 17. mai tale, og vidare hadde elevane fleire musikkinnslag. Det var 17.mai-leiker som hesteskokasting, treff rektor med VÅT svamp o.l. Etterpå på var det tradisjonen tru pølser, isdama kom med is,
så kaker og sosialt samvær. Ein perfekt dag; sol og skyfri himmel hadde vi også! Men i det vi køyrte ut porten etter festen var alt som vanleg, ingen teikn til 17.mai- feiring der nei...Merkeleg;) Eg trente og dro til tannlegen, akkurat som på kva som helst slags dag. Dagen vart avslutta med "pollo a la brasa" (grilla kylling med pommes frites) hos familien Banda.

17. mai-toget stoppa ved vaktfamilien på skulen, og sang dei tre nasjonalsangane.

Her er folklore- gruppa på DNS med Raphael i bræsjen. Dei spelar i desse dagar inn CD, og er
kjempeflinke på trommer, sampoña og sang. Vi fekk enda ein gang gleda av å høyre dei på 17.mai!

Beathe var med på leiken, og fekk tåle steiken :) Etterkvart tok eg over, og det vart vått!

Damene på kjøkkenet: Beathe, Nina og Jenny. Legg merke til dei fine muffinsane med norske
og danske flagg, dei er Ninas verk!

Skulekoret syng "Alle fugler" tostemt.

Meg foran DNS, med Misti (Arequipas stolthet, vulkanen på 5822 moh) i bakgrunnen.

Morsdagsfeiring

Litt seint ute med oppdatering her.. Men sist søndag var det morsdag her i Peru.
Ungdomsgruppa som eg er med i: "Luteranos al toq", reiste rundt til alle mødrene
til ungdommane. Vi begynte klokka 23.15, og kom heim kl 04.30!! Vi sang morsdagssang,
dattera/ sønnen leste eit dikt og så sang vi velsignelsen. Det var ei veldig fin oppleving.
Denne gruppa har også laga CD, og 1. juni skal vi lansere den med lovsangskveld i kyrkja.
Ver gjerne med å be for denne dagen, då vi trur mange folk som ikkje går i kyrkja til vanleg
også vil komme.