Cusco

For fjerde gang mens eg har vore her fekk eg reise til Cusco sist veke! Eg og to elevar frå DNS i Arequipa; Amalie og Asbjørn reiste til Cusco for å ha skule med dei to danske elevane Daniel og Rebekka, og voluntør Claus. Sidan det er berre to elevar som i tillegg er søsken i Cusco, så ville dei gjerne ha besøk frå Arequipa, og vi 
ville sjølvsagt komme!
Vi hadde ei super veke der, med temadag om fjell og vulkaner, ut på tur, ridde på hest og hadde det moro. Onsdag ettermiddag var det familiemøte, og ellers leika barna ilag heile tida. Siste natta sov i alle på skulen, 
først var det
film, pizza og godteri;)
Eit lite minus i boka var at eg måtte til tannlegen kvar dag mens eg var der, for eg fekk den verste tannverken eg noken gang har hatt.. Så no skal det settast på kroner+++. 
Vi vil uansett takke familien Andersen og Alice i Cusco som tok så godt i mot oss! Vi fekk oppleve stor gjestfrihet! TAKK!

image265
Her er Asbjørn, Amalie og meg på flyet til Cusco.

image266
Etter dei hadde ridd(da var eg med tannlegen..:( ) så tok vi denne bussen ned til Plaza de Armas i sentrum.

Her er den tøffe gjengen som sat bakerst i bussen:
image267
Amalie, Rebecca, Asbjørn og Daniel.

Papmaché

Papmach?
I forbindelse med temadagen om fjell og vulkaner, laga vi eit fjell og ein vulkan i papmaché(sånn avispapir som ein limer på), Her er malinga ferdig, og elevane svært fornøgde.

ved Plaza de armas

ved Plaza de armas
Ein dag eg var i sentrum var det dansing og opptog rundt plazaen.

Bursdagsfeiring!

Sist søndag (har hatt litt problem med bloggen!) fylte misjonær Arild Herigstad 37 år! -og då var det fest og glede!
Klokka åtte i dag tidleg kom det ungdommar frå ungdomsgruppa (den som er på tvers av alle kyrkjene heime ho Arild og Jenny), og lurte på om eg var klar. Vi skulle bort til Arild, og overraske.
Det heile starta med at Arild fekk 5 egg i haudet:



Vidare måtte han, tradisjonen tru, stappe haudet nedi kaka(som alle sjølvsagt åt etterpå, inkl meg:



Og så var det tid for piñata! Det er ein figur som det er godteri og andre ting inni, og bursdagsbarnet skal slå på den til den åpner seg og alle godsakene fell ut.


Og til slutt var det dusjing med hageslangen ! Ein herleg start på dagen:)


Og her er alle ungdommane som stilte opp tidleg på morgonen:

image264

Chachani

Mot Chachani
Slik er synet rett utafor døra mi. Vakkert! Vulkanen du kan sjå i bakgrunnen; Chachani ligg på over 6000 moh.
Dei gule taxiane(tique, som er forbode i Norden på grunn av dårlig sikkerhet..) er å sjå overalt i byen.

Huset mitt

Huset mitt
-og her bur eg. I det kvite huset i midten, i andre etasje. Ferskenhuset ved sida vart akkurat ferdig, og stålgreiene som står opp på det huset er veeeldig vanlig i Peru. -visst dei skulle få råd til/ lyst på ein etasje til;)

Han er oppstanden, halleluja!

Han er oppstanden, halleluja!

Eg har tenkt på nokre ganger at det er litt rart at eg som kristen feirer jul meir enn
påske. Hadde det ikkje vore for det som skjedde i påska for 2000 år sidan, så kunne
ikkje eg ha vore kristen, eg kunne ikkje hatt eit forhold til Gud. Fordi Jesus kom, lot seg pine,
krenke, og dø for alt det gale som eg har gjort og som eg kjem til å gjere, så kan eg få leve, evig!
Forholdet mellom Gud og menneske var øydelagt, for Gud tåler ikkje synd. Men
på grunn av at Jesus døde for oss, vart det ordna opp. Korset vart som ei bru over til Gud, over den store
kløfta som hadde vore mellom menneske og Gud. Så da kan eg, på grunn av at Jesus døde(og stod opp!!)
få leve med Gud. Gud har gjort alt, eg kan få seie TAKK. Og det vil eg: takk!

Han er oppstanden halleluja. Lov ham og pris ham, halleluja.
Jesus vår frelser, lenkene brøt. Han har beseiret mørket og død.

Lov ham og pris ham vår frelser og venn.
Han som gir syndere livet igjen.
Halleluja, vi skyldfrie er.
Halleluja, vår Jesus er her.
(huska eg rett tekst?)

Påskeferie

Då er påskeferien over for denne gang. Vi startar på den norske skulen i morgon.
Eg har vore ein liten tur til Lima, to dagar, for å få nytt pass, slik at eg skal komme meg heim til sommaren;)
Det var digg å komme seg bort litt, traske rundt i Lima. Den eine dagen fekk eg til og med surfa!
Resten av påska har eg vore her i Arequipa. For første gang her har eg vore på klassisk konsert; Stabat mater av Rossini med stort kor og symfoniorkester; Flott! -har vore på kino, og ellers ein del i kyrkja. Håpar dåkke der heime har hatt det fint! Klem frå Peru

1. påskedag

1. p?skedag

I dag tidleg var det gudstjeneste klokka 07! Eg dro i ei anna kyrkje enn vanleg.
Mange hadde vore i kyrkja heile natta, bedd, sunge, komt med vitnesbyrd om livet
med Jesus.
Her er nokre av søndagsskulebarna( Arvid som går på DNS framme til høgre, og Alex og Edvard, sønnane til Beathe og Raphael nede til venstre). Så fint å stå opp tidleg og feire i saman med "los hermanos" (brødrene).
Mange kom med vitnesbyrd etter gudstjenesta, og etterpå var det suppe på alle saman.

Langfredag i kyrkja

Langfredag i kyrkja

Dei fire siste dagane har det vore møte på kveldane i kyrkja eg går i. Langfredag
var det damene sin tur å ha ansvar. (nedanfor kan de sjå at dei hadde drama). Det har vore
fint å vere samla slik i påska!

Besøk frå Mars

Bes?k fr? Mars
Kvinnene i kyrkja hadde drama.  
Vi fekk som de ser besøk frå Mars.
Marsboeren lurte på kva vi jordboere
kunne skryte av. Til slutt kom
jorboeren på at Jesus hadde levd her.
HÆÆ? Jesus, kongenes konge, budde
han her? Kva gjorde de med han?
Kva????? Jordboeren var flau....
(Eg får ikkje bort understrekinga!!)

Ungdomsgruppa på dramaturné

Ungdomsgruppa p? dramaturn?

Nokre av ungdommane i ungdomsgruppa (den på tvers av alle kyrkjene) reiste frå kyrkje til kyrkje ein søndag  i mars. Dei framførte eit dramastykke knytta til påskebodskapen i ALLE dei 9 kyrkjene her i Arequipa.
Frå kl.08- 20 holdt dei på. Biletet er frå kyrkja der eg går, El buen pastor. Til slutt, etter dramastykket, sa dei Jesaja 53 
utenat, 
medan bilder frå korsfestelsen og melodi frå Pasion of the Christ  var i bakgrunnen. Kjempefin oppleving  for oss publikumere. -og eg trur tiltak som dette kan bidra sterkt til enhet i kyrkja, til at nye former kan takast i bruk og at ungdommane kan brukast!  Takk til Jenny og Arild som gjer ein så god jobb med denne gruppa!

Åpning av ny kyrkje

For nokre veker sidan var eg på åpningsgudstjeneste i ei kyrkje eit godt stykke utanfor byen. For å komme dit måtte vi køyre gjennom søppeldynger. Området ligg langt opp mot vulkanen Misti, Arequipas stolthet. Myndighetene vil helst ikkje at folk skal busette seg lenger opp, for området er svært utsatt visst det skulle komme utslipp frå vulkanen, som fortsatt er aktiv. På bakgrunn av dette er det tøft av kyrkja Diego Thomson å på eige intiativ starte opp ei ny kyrkje der oppe. Eg har tidlegare vore med på ein søndagsskule med fotball for barn der oppe. Ungdommar i Diego Thomson var lederane. Men no ville dei altså nå fleire enn berre barna! Ver med å be om at menneske på dette stedet må bli kjent med Jesus!

Søndagsskulebarna

S?ndagsskulebarna

Her er nokre av barna som har vore med på søndagsskulen. Obs, eg kaller det søndagsskule, men det har vore lørdag ettermiddag. Først fotball og så ein liten andakt og sang. No skal også foreldra få muligheten til å bli kjent med Jesus. I tillegg til kyrkja har det også blitt starta opp barnehage her.

Ved Mistis fot


Ved Mistis fot


april 2007
ma ti on to fr
            1
2 3
4
5 6 7 8
9
10
11
12
13 14 15
16 17 18 19 20
21
22
23 24 25 26 27 28
29
30