Oppdatering...

Ok, no har eg vore veldig dårlig på å oppdatere her. Hadde jo planer om å legge ut fleire bilder frå svømmeveka på kysten, men på grunn av diverse problemer med å laste opp bilder gav eg vel egentlig opp...
Men eg kan jo skrive litt om livet her uansett:

I dag stod eg opp kl 05!!! På ein lørdag! Hadde avtale med noken veninner i kyrkja om å jogge. -og det måtte vi gjere før sola stod opp. Så eg tok taxi til eit litt anna strøk enn her eg bur. Eindel fattigare. Men eg  vil sei det var minst like fint der. Her eg bur er det mykje asfalt, med unntak av parkane. Men utsikten frå huset deira var utover eit stort grønt område, ei elv, og fjella virka så nære. Det var vakkert! Vi tok ein joggetur, 4 jenter + 3 hunder (det var deira). Vi sprang over noken marker, som eg ikkje er sikker på var heilt ok. Først ropte mannfolk etter oss sånne halvsleipe kommentarer, og så ropte ei kvinne: Dei spring i markene våre. -og eg er jo enig i at det er på kanten. Men eg hang jo berre på...
Etter litt styrketrening i eit av dei to romma dei hadde, gjekk vi til elva. Den såg ikkje så gale skitten ut, men rekna med den va veldig forurensa. Men det var fint der iallefall! Klokka 08 var eg heime, og tok meg ein lur :)

Her om dagen vann eg ein kamp. Ikkje handballkamp, for den sporten har ingen her høyrt om.. Men det har seg sånn at folk e veldig flinke til å snike her, for eksempel i den lokale butikken om morgonen. Noken kan berre komme rett inn i butikken, og rope kva dei skal ha, uten å ense at det står 5 andre før dei i køa.. Eg har fått litt forklaring på fenomenet av spansklæraren min: Det er ofte rike damer som gjer det mot for eksempel hushjelper, dei roper høgt og later som dei eig plassen. I min situasjon er det nok at dei trur eg ikkje forstår noko..
Det har hendt mange ganger at eg står i køa, og så berre går folk rett forbi. Eg burde vel snu det andre kinnet til, men det er ikkje alltid lunta er like lang om morgonen. Så (for å komme til poenget) , her om dagen så kom eg inn i butikken rett før ei dame. Eg skulle ha brød. Og det var berre 5 igjen, akkurat det eg skulle ha. Og så, i det eg skulle til å sei til mannen kva eg skulle ha, så seier dama "ciabattas, por favor" (ciabatta, er du snill), sjølv om ho står bak meg i køa!! eg klarte ikkje å holde meg, og det einaste eg fekk fram var "Por favor"(ver så snill), og prøvde å forklare til butikkmannen at eg kom jo før ho... Han hadde sett det, så eg fekk brød!
Følte meg litt ego etterpå, men også som at eg hadde vunne ein kamp; brødkampen, eller kampen mot sniking om du vil! Eit prinsipp liksom. -at det ikkje e greitt at noken berre tek seg fram sånn som det passar dei!

(dei sel også brød i butikken ved sida av, så dama fekk nok mat)

Eg har også fått meg ein kattunge; Emma, som er veldig søt, men også litt irriterande. For ho vil ikkje vere ute, og berre grin og grin visst eg tar ho ut.. jaja, her får eg litt trening i oppdragelse. 

Veka som kjem er det misjonærkonferanse her. Alle misjonærane samlast ei heil veke til forhandlinger, bibel, bønn, lovsang og sosialt samvær. Gler meg til det.  -og så er det påske!
No er det snart tid for ungdomsmøte i kyrkja. Håpar eg har ork til å legge ut bilder ein anna dag.
God helg!

Pølsekø

P?lsek?

Barna er klare for pølser og hamburgere.

På stranda

P? stranda

Ein dag var vi på stranda. Vi laga sandslott, bada i Stillehavet og prøvde å sende opp ein luftballong. Bølgene er store her, og det kan vere eindel understrømmer, så vi kunne ikkje gå så langt ut..

Rundt bålet

Rundt b?let
Ein av kveldane var det grilling, sang og kveldssamling rundt bålet. Koselig!



Flygefisk

Ein dag hadde Bjarne undervisning der elevane skulle lære å partere fisk: flygefisk! Her ser du Mathias(frå Chiclayo) og Håkon (frå Arequipa).


image248



Avslutning av sv?mmeveka





Siste kveld var det festkveld. Og her forteller Tina historie, der alle er involvert. Her er Magnus og Magnus i aksjon.
image247



Etterpå var det kveldsbad i bassenget. (desverre låg eg sjuk i senga da men....)
image246

Svømmeveka vart avslutta under det store treet. Her har elevane fått diplom for fremragende innsats, og svømmemerka dei tok vart gitt ut etter elevane kom tiblake til Arequipa.
Avslutning av sv?mmeveka




mars 2007
ma ti on to fr
25 26 27 1 2 3 4
5 6 7 8 9 10
11
12 13 14 15 16 17
18
19 20 21 22 23
24
25
26 27 28 29 30 31 1
2 3 4 5 6 7 8