Jentene i kloster

Jentene i kloster



Dei siste vekene har gått veldig fort. Mykje av grunnen til det er nok desse to bra jentene som e med på bildet her: Åshild og Anne Line, -våre to praktfulle praksisstudentar. Vi har farta rundt i byen(AL har shoppa alle smykka som er å oppfinne i Arequipa med omegn), vi har prøvd kjoler som vi får sydd, vært i kyrkja + mykje mykje meir. På søndag var vi i Santa Catalina klosteret her i byen. Det var veldig fint, som de ser på biletet. (Eg anbefaler bloggen til AL : www.reisendeolsen.blogspot.com, der det er mange fleire bilder)
Mandag til tysdag var det uteskule, og alle overnatta i telt på skulen, det var liv! -Vi leika nomader(Abraham var også med!).
(les på www.nlm.no, under Peru og DNS)

I måra ber det avgarde til kysten. Neste veke skal vi nemlig ha svømmeveke der. Då kjem store og små frå Arequipa, Cusco og Chiclayo. Vi blir ein stor flokk, og barna skal få boltre seg i basseng, ta svømmemerker m.m.
Eg gler meg veldig!!

Og så må eg sei at sist onsdag, på valentines-dagen, då vart eg våkna kl07 av at det ringte på. Det stod ein mann der med ein stor blomsteroppsats! -det var frå min kjære KM. Gjett om eg vart gla! -mange roser, ballong med "I love you" og ein liten bamse, alt i herleg Perustil..:)

God helg alle saman!

Jentene i byen

Jentene i byen


Åshild og Anne Line har praksis her på Den norske skulen. To supre jenter med godt humør og ein lyst til å få med seg alt her;) Dei gjer ein veldig god jobb på skulen, og eg har vore så heldig at eg har fått tilbringt mykje tid med dei. Det er jammen digg å ha noken norske jenter på min eigen alder her! -vi har sett eindel rundt omkring i Arequipa, og mykje av tida går også med til kjoleprøving, vi skal nemlig alle tre få sydd to kjoler. Ein av mine er brudekjolen! Kan nok ikkje legge ut bilder av det, for det kan jo vere min kommande mann ser innom her... På mandag vart eg invitert ut av dei, på ballett! Det er ikkje noke eg gjer kvar dag, så det var ei ekstraordinær og veldig fin oppleving!
Her er Åshild og Anne Line på ein restaurant med utsikt over plazaen i Arequipa. I Arequipa regner det jo "aldri", og sola skin kvar dag! -iallefall før desse jenten kom. eg har aldri opplevd Arequipa så kald som desse vekene.. Stakkars dei som hadde plana om å bli såååå brune. I begynnelsen var eg berre gla for at det var kjøligare, men no er det på tide med litt peruansk varme igjen! Det er jo liksom sommar her no...
Antrekket stilte personalet på restauranten opp med, sidan det var kaldt ;)

elgapelga, inkapinka

elgapelga, inkapinka


Her er eg over sentrum av Arequipa, med den kjente katedralen i bakgrunnen.

Følg med på praksisjentene sin blogg!

Det er ikkje alltid eg er like flink til å oppdatere her. Men no har det seg sånn at det er to jenter her; Åshild og Anne Line, som har praksis på skulen. Dei har ein blogg, og er mykje flinkare enn meg til å oppdatere for tida.. Så vil du lese om blant anna carneval, så ta ein titt på www.reisendeolsen.blogspot.com

STRIKKHOPPING

STRIKKHOPPING


Endeleg! Dette har eg hatt lyst til så lenge eg kan huske nesten: Å hoppe i strikk! Sidan ein viss eg skal dele resten av livet med:), ikkje var kin i det heile tatt, var eg overlukkeleg når dei to galne praksisjentene kom: Åshild og Anne Line: Mi redning! Dei var minst like gira som meg, så da var det berre å slå til.
Vi hoppa i verdens 3. høgaste strikkhopp, den største i Amerika(det var fint å sei;)) Vi var 120 meter over bakken, og hoppa 105 meter i fritt fall. Jepp, eg e gjerne med ein gang til. Dette gav meirsmak!
Her sit vi på reisebyrået og ventar på taxi, ganske så spente..

Åshild var første dame ut...

Åshild var første dame ut...


Åshild hadde tinga først, ho sa at visst det var ei som døde, så var det ho iallefall.. Men Åshild var strålande fornøgd, så vi andre to berre gleda oss!

Anne Line er klar!

Anne Line er klar!


Sidan Åshild overlevde hoppet, og berre skraut vilt, er Anne Line kjempeklar. Her er det selen som festast.

Her hoppa eg! 105 meter fritt fall!

Her hoppa eg! 105 meter fritt fall!


120 meter over bakken stoppa heisen. Eg gjekk ut på kanten(fekk beskjed om å ikkje sjå ned, men va jo umulig å la vere!), mannen telte til 3, og så stupte eg uti det! Deilig følelse!

JUUUUHUUUUUUUUU

JUUUUHUUUUUUUUU


Vel nede, og i trygge armer :)

Vel nede, og i trygge armer :)


Det var sinnsjukt digg å hoppe! Heilt fantastisk! Men på dette bildet hadde eg veeldig vondt i anklane, ein stor dings var festa veldig stramt rundt leggen. (Det bør eg vel vere takknemlig for egentlig, for eg har høyrt at den kan løsne av, spesielt med jenter med store legger... Snakka dei om meg da eller?????)

Da var det over.....

Da var det over.....


Alle var kjempefornøgde med hoppinga! Dette har eg jammen hatt lyst til lenge, endeleg! Det var første dagen til han som var med opp i heisen, han var visst litt nervøs: " Please don`t die today" sa han :)

Ut på tur!

Eg var to veker i Cusco, som lærar for Rebecca og Daniel Andersen. Voluntør Claus var også med. Vi tok laurdagsskule, og reiste på tur på mangdagen. Då var også praksisjentene Anne Line og Åshild komt til Cusco. Vi dro ein dag til den hellige dal, som er/ var så hellig på grunn av stor fruktbarhet. Det var ein super dag, der vi var innom keramikkverkstad, marked og så gjekk vi ein tur opp i dalen. Det var fint!

Keramikkverkstad

Keramikkverkstad


Her er eg leitande etter den beste kombinasjonen ev fat og kopp. Eg endte opp med 4 fat og 4 koppar; ein god start!
Dette er forresten på keramiskkverstad i Urabamba, og her lagar dei den mest eksklusive keramikken i Peru.

Halve familien Andersen

Halve familien Andersen


Vi søkte ly for regnet under nokre tre. Her er misjonær Mai Britt, med datter Lydia på handa, og Sara ved siden av.

Norge eller Peru?

Norge eller Peru?


Her var det utruleg frodig, og mykje kunne likne om Norge. Det kan eg like! :)

Tre generasjoner i den hellige dal

Tre generasjoner i den hellige dal


På pæreslang

På pæreslang


Vårt mål for turen var faktisk å gå på eple- pæreslang. Og oppover i dalen fann vi eit pæretre, med veldig digge og store pærer. Anne Line (praksisstudent) og alle oss andre åt i veg. Vi fekk også med oss avokado (som heng på tre) ,og kaktusfrukt(Rebecca hadde fliser i fingrane fleire dagar etterpå, og kunne ikkje skrive på skulen neste dag...)

Markedet i Pisac

Markedet i Pisac


Åshild (praksisstudent) og meg

Søte barn langs vegen i den hellige dal

Søte barn langs vegen i den hellige dal


Her vart det solgt...... å, eg huska ikkje kva det heiter!! Det er ikkje asparges?

Fotballkamp i Cusco

Fotballkamp i Cusco


Eg har no vore lærar for danske misjonærbarn i Cusco i 2 veker. Første søndagen eg var her dro eg og den nyankomne voluntøren Claus på fotballkamp. Det var Arequipalaget Melgar som spelte mot Cusco. Cusco var klare favoritter, men stillinga vart 1-1. Eg trur eg var den einaste på stadion som hadde Melgar- skjorte.. Når Melgar scorte trudde eg målet var annulert, for det var heilt stille..
Nokre dagar etter snakka eg faktisk med toppscorer i toppligaen her i Peru, Cuscospelar Miguel Musto(eller noko sånt..) Det var stas!

Så begynte det å regne....

Så begynte det å regne....


Det er regntid i Cusco no, så plutseleg slåt det om frå 25 grader og supervarmt til pøsregn, torden, lyn og hagl. Da er det berre å ta på seg regnponchoen sin;)

Stadion i Cusco

Stadion i Cusco


Cusco by er omkransa av fjell. Cusco ligg på 3326 moh.

BILDER FRÅ JULE/ SOMMARFERIE!

No har eg endeleg fått lagt inn alle bilda frå ferien. Det tok si tid!! Håpar iallefall nokon får glede av dei. Dei ligg kronologisk, så det startar med før jul. Mange gode minner her ja!

Julafta i kyrkja

Julafta i kyrkja


Dette var ein litt ukronologisk start, men bildet er frå julafta i kyrkja. -før dei fleste er komt, men etter gudstjenesta skulle ha starta... Peru...

Juleavslutning med misjonen

Juleavslutning med misjonen


Julemiddag/ avslutning med alle som jobbar i misjonen. Til venstre er mine kollegaer Rafael og Beathe.

Arbeider ved steinbruddet

Arbeider ved steinbruddet


Vi var ute ved steinbruddet utanfor byen. Det er på grunn av denne lavasteinen; sillar, at Arequipa vert kalla den kvite byen. Lavaen kom frå vulkanen Chachani for maaange år sidan. Desse arbeidarane har dårlege arbeidsforhold, og tjener lite..

Juleavslutning på språkskulen

Juleavslutning på språkskulen


Alle hadde med seg mat frå landet sitt. Legg merke til mammas sveler på bordet, dei e gooode!

Karencita

Karencita


Her er min nydlege spansklærar Karen. Karen er kjent for å vere litt streng, men ho har iallefall orden på sakene, og eg syns ho er kjempesøt og morsom! -og ho seier eg og er morsom, så da kan eg jo ikkje la vere å like ho ;)

Pappa og mamma

Pappa og mamma


På Zig Zag, ein restaurant i Arequipa. Vi åt alpaka, ku og strutsekjøt! Maten kom inn på sprutande varm steinplate, veldig god mat.

EA OG KM treng smikker

EA OG KM treng smikker


Lykkeleg par! Endeleg ilag etter eit halvt år frå kvarandre...

Nydlege søsken;)

Nydlege søsken;)


Det e berre det at Bjarte nesten ikkje klara å la vere å gjere grimasa når han blir tatt bilde av, så da kunne ikkje eg vere dårlegare...

På Tradicion Arequipeña

På Tradicion Arequipeña


Her er vi på ein av Arequipas bedre restauranter. Vi åt tradisjonelle Rocotto Relleño, som er ein slags paprika(sterk!) fylt med kjøt.

Lillejulafta i kyrkja

Lillejulafta i kyrkja


Lillejulafta hadde kyrkja eit arrangement for barn i bydelen. Barna fekk høyre om Gud, synge og så fekk dei boller og kakao. Her fortel pastor Jose om Jesus til barna ,som fulgte ivrig med. Det var heilt fullt hus, og kjekt at også eindel mødre kom med barna.

JULAFTA

JULAFTA


Julafta i Arequipa var annleis enn det vi er vande til. Men kva gjer vel det når ein har så godt selskap. Eg kan nesten ikkje få uttrykt kor takknemlig eg er for at mamma, pappa, Bjarte og Kjell-Magne kom på besøk!
På ettermiddagen fro vi i kyrkja som eg går i; El buen Pastor. Her hadde barna blant anna julespel,som de ser på bildet.

Jul i kyrkja

JULAFTA


Barna var kjempeflinke, og hadde eit veldig fint opplegg med flott kostyme. Misjonær Jenny stod bak det heile, og eg tvilar ikkje på at det låg mykje øving bak dette.

Julemiddag

Julemiddag


Pinnekjøtet kom frå Norge, kunne det bli betre? Spesiell, men veldig fin julekveld med oss 5 i leiligheten min.

Julegaver og plastikkjuletreet mitt

Julegaver og plastikkjuletreet mitt


Dei fekk ikkje ha med seg meir enn 20 kg i baggasjen, men eg skal love at mange av dei kiloa var til meg:) Vi koste oss på julekvelden!

Ferieplassen på kysten

Ferieplassen på kysten


1. juledag drog vi til kysten, ca 3 timar frå Arequipa. Misjonene har ein ferieplass like ved byen Mejia. Her slappa vi av, bada, og som dåkke ser på bildet spelte vi mykje fronton. Fronton er ein vanleg racketsport her i Peru. I alle parkane i nærleiken av der eg bur er det frontonbaner. Det er veldig kjekt å spele!

Mine herlege foreldre!

Mine herlege foreldre!


Mamma og pappa som er så gode! Er så gla for at dei kom hit i jula :)

Bro & sis

Bro & sis


Storesøster og lillebror har det bra ilag!

Kjell-Magne og eg på stranda

Kjell-Magne og eg på stranda


Vi gjekk ein fin tur på stranda frå ferieplassen og inn til Mejia, som er ein liten by. Byen er heilt forlatt heile året utanom månadane januar- mars. Då kjem det mange arequipeñere dit på ferie, og byen vaknar til liv.

Solnedgang i Stillehavet

Solnedgang i Stillehavet


Fantastisk syn ut i Stillehavet.

Bjarte i solnedgang :)

Bjarte i solnedgang :)


Bjarte tok eit kveldsbad i solnedgangen i Mejia. -For ein kjekkas ;)

KM og meg på kysten

KM og meg på kysten


Oss to ved bassenget på ferieplassen.

img