Sivøyene på Titicacasjøen

Vi drog til Puno, som ligg ved Titicacasjøen. Vi var ein dag ute på sjøen, og fekk oppleve dei flytande sivøyene og ei øy til. Titicacasjøen ligg på 3820 moh.
Ein familie på ei sivøy

Matlaging

Fugl på menyen!
Kjell-Magne og Bjarte

På utsiktstårnet på ein av sivøyene..
Dei som budde på sivøyene solgte ting dei hadde laga.

Sivbåt på Titicacasjøen

Vi fekk ein liten tur med sivbåt på sjøen.
KM og EA med Titicacasjøen bak

PS: Legg merke til den flotte kameraveska på KM. Vi er turister!!!
Typisk hus laga av adobe

Alle husa på denne øya i Titicacasjøen var laga av dette materialet.
Jenta på Taquile

Utsikt over Titicacasjøen

Bjarte og pappa med Titicacsjøen i bakgrunnen
Fleire bilder frå sommar / juleferie
No er det på tide å legge ut litt fleire bilder frå ferien min. Må jo vise dåkke litt av det fine landet eg bur i:)
Ut på tur!
Den siste måneden har eg hatt besøk og reist omkring i Peru. Det har vore fantastisk å ha besøk av familie og min forlovede! Eg har tatt mange bilder, og skal prøve å få lagt ut eindel her. Det kjem kanskje litt i etapper, men her er iallefall ein start: (eller det vil sei slutt, for dette er siste halvdel av tida)
Godt nyttår frå Cusco!

Vi feira det nye året i Cusco. Her i Peru skal ein ha på seg noke gult under feiringa, og vi kunne ikkje la vere. Jada, vi koser oss!
Feliz año nuevo

Søskena Sandal var overmåte glade for å få feire inngangen i 2007 i Cusco!
Happy New Year! yohooo!

I Cusco vart det nye året feira med måte ;) Herlege foreldre eg har iallefall!
Mamma og pappa i den heilage dal

Den heilage dal har fått navnet fordi den var og er spesielt frodig og grønn. Inkaene tilbad moder jord og "fader" sol, og gudane kunne tale til dei gjennom fjella. Det er da ikkje vanskeleg å forstå at dette området var spesielt heilagt.
Min flotte lillebror Bjarte

Bjarte med ruiner i bakgrunnen
Kjell-Magne og eg med inkaenes baderom i bakgrunnen

Bjarte og eg

Bjarte og eg i ruiner i den hellige dal
Machu Picchu
Ein kan ikkje ha vore i Peru utan å ha vore på Machu Picchu.. Så vi trossa dyre prisar, la i veg for å utforske den "gjemte byen". Machu Picchu var ein spesiell by i Inkariket, men vart ikkje gjenoppdaga før i 1911. Det var spennande å sjå for seg korleis byen og livet der var for 500 år sidan.
På restaurant i Aguas Calientes

KM og meg i byen nedanfor Machu Picchu.
Tog til Machu Picchu

Flott og interessant togtur ;)

Pappa og Bjarte på toget mot Machu Picchu.
Meg på Machu Picchu

Johooooo!!
Gjengen samla

Vi var veldig heldige med veret denne dagen. Det regner ganske mykje her i denne perioden, men vi gjekk rundt i t- skjorte, og var varme. Bildet av Machu Picchu forandra seg heile tida, ettersom skyene flytta seg.
Den gjemte byen

Machu Picchu
NYforlova!

Dette bildet er tatt rett etter at eg svara JA, 10.01.07. Boka eg held i handa fekk eg av Kjell-Magne, nydeleg gave, med bilder, gode ord, humor ++
Stranda i Paracas

Islas Ballestas

Etter ei lita veke med avslapping i Arequipa, dro vi oppover langs kysten til Paracas. (10 timar i buss)Frå Parasac tok vi ein båttur ut til Islas Ballestas(fugleøyer). Der såg vi pingviner, sjøløver, pelikaner + mange mange fuglar som eg ikkje veit namnet på. Kjell- Magne var hakket meir interessert enn meg, men for all del; det var ein flott tur!
Sløv sjøløve

Fugleliv

Pelikaner og andre fuglar
Naturreservatet Paracas

Ei lita strand på naturreservatet i Paracas.
Playa Asia

Dei siste dagane fann vi eit hostal på stranda Asia, ein time sør for Lima. Ei russisk- peruansk dame dreiv det, og ho var nesten som ei mor, omsorgsfull og gjestfri. -Så kanskje det blir fleire turar dit..? Herleg plass!
Avskjed på flyplassen i Lima

Siste timane ilag tilbringte vi på flyplassen i Lima. Som dåkke ser prøvde vi å holde humøret oppe, på tross av at vi ikkje ser kvarandre på iallfall 5 måneder.
Sommarferie
Ok, no er det på tide å legge ut litt bilder frå min kombinerte jule / sommarferie. Eg har hatt besøk i 4 veker, og no er alle reist tilbake til Norge. Nei, forresten så har eg akkuart no besøk av to praksisjenter frå Norge; Anne Line og Åshild. Veldig kjekt! I måra reiser eg til Cusco for å vere lærar der i 2 veker, før skulen her i Arequipa startar igjen.
For å få bilda litt kronologisk, legg eg dei siste bilda ut førs..
For å få bilda litt kronologisk, legg eg dei siste bilda ut førs..
Forlovelsesringer

Her e ringane som skal vere det synlege beviset på at KM og eg ska dele resten av livet. Vi klarte akkurat å få fiksa dei før han dro til Norge, det var godt! No er han vel tilbake i Norge, og eg ser han ikkje før om iallefall 5 mnd... Sakna han, men det hjelp å tenke at vi skal leve ilag resten av livet.
Vi skal gifte oss!

I går kom spørsmålet eg hadde venta lenge på..
På ein restaurant med utsikt over plazaen i Arequipa, spurte Kjell-Magne meg om eg ville gifte meg med han! -og eg svarte ja! Så til sommaren blir det bryllup på Sandane. Vi gler oss kjempemykje, og har bestilt ringer idag. JIIIPPIIII! Eg skal få leve resten av livet med den guten eg e mest gla i i verda!