Nygift med ny blogg;)

Eg har hatt ein fantastisk sommar i Norge, der høgdepunktet var bryllupet vårt 14. juli! No er vi tilbake i Peru, og skal vere her eit år til og jobbe som lærarar på Den norske skulen.
To har blitt ett, og som seg hør og bør, har også to bloggar blitt til ein blogg. Så vår bloggadresse er frå no av:
www.kmogea.blogspot.com. Følg gjerne med der på kva vi opplever som nygifte i Peru;)
Eit år er over..
Men eg vil skrive litt no, sidan det er to dagar til eg drar til Norge.
Den siste tida har det skjedd mykje; elevane på DNS har gitt ut CD, det same har ungdomsgruppa som eg er med i (Luteranos al toq, som hadde lanseringskonsert/ lovsangskveld!), vi har hatt besøk av ein peruansk skule på DNS, eg har fått to utdrikningslag(eit med språkskulen og eit med misjonærdamene).
Begge kveldane var fantastiske!! Eg har vore i Juliaca og sett på hus til neste år(der vi skal bu), og det har vore diverse avslutningar(skule og med misjonærar. I går kveld var eg i bursdag til ei i ungdomsgruppa.
Eg har fiksa ulike ting til bryllupet, og no er brudekjole og program klart! -håpar på at bordkorta er klare i måra... Ein bør ha ein smule tolmodighet her i Peru, det er ikkje alltid ting går som ein trudde, eller at ting tar så lang tid som ein
har fått beskjed om..
Sjølv om sola skin og himmelen er blå, så merker eg at det er vinter her no. Om ein ikkje held seg i sola blir det fort kaldt!! -eg er heldig som får tre somrar på eit år!!!
Tirsdag morgon reiser eg altså til Norge!! -Eg gler meg vanvittig til å vere med forloveden min; Kjell-Magne, familie og vener, og til å vere i Norge!! -og sjølvsagt ser eg veldig fram til den store dagen; 14. juli då Kjell- Magne og eg skal gifte oss!!
Eg kan konkludere med at dette året har vore utruleg bra! -eg har trivst veldig godt i jobben som lærar på DNS, og det har vore kjekt og spennande å bli kjent med ungdommane i kyrkja, eit nytt land, eit nytt språk, og misjonærane er noken herlege folk!
So: i`m happy:)
God sommar!! (vinter til de som er i Peru;) )
( no blir det nok ikkje blogging på ei stund her....)
I Juliaca

Arequipa by er heilt gul av små taxier, men i Juliaca er det sykkel/ moto-taxi som er tingen!
Her skal eg og Kjell.- Magne bu frå september! Byen ligg på 3800 moh!!, og det er ikkje langt frå Titicacsjøen.
Byen er kjent for å vere stygg, kald, og full av søppel og dritt,men vi gler oss! Det blir nok veldig annleis enn å bu i Arequipa.
Katedralen ved Plaza de Armas by night

Plazaen i Arequipa (som bildet er tatt frå) har eg lest blir rekna for å vere Latin-Amerika sin vakraste sentrumsplass. Er eg ikkje heldig som bur her?!! Det eine tårnet på katedralen raste forresten ned under det store jordskjelvet i 2001.
Lovsang i kyrkja

Her er deler av Luteranos al toq, ungdomsgruppa på tvers av kyrkjene. Vi leda lovsangen på gudstjeneste i ei av kyrkjene.
17. mai feiring i Peru
i Norge. Vi starta med barnetog(vel 300 meter), sang dansk, peruansk og norsk nasjonalsang.
Så var det tid for 17. mai tale, og vidare hadde elevane fleire musikkinnslag. Det var 17.mai-leiker som hesteskokasting, treff rektor med VÅT svamp o.l. Etterpå på var det tradisjonen tru pølser, isdama kom med is,
så kaker og sosialt samvær. Ein perfekt dag; sol og skyfri himmel hadde vi også! Men i det vi køyrte ut porten etter festen var alt som vanleg, ingen teikn til 17.mai- feiring der nei...Merkeleg;) Eg trente og dro til tannlegen, akkurat som på kva som helst slags dag. Dagen vart avslutta med "pollo a la brasa" (grilla kylling med pommes frites) hos familien Banda.

17. mai-toget stoppa ved vaktfamilien på skulen, og sang dei tre nasjonalsangane.

Her er folklore- gruppa på DNS med Raphael i bræsjen. Dei spelar i desse dagar inn CD, og er
kjempeflinke på trommer, sampoña og sang. Vi fekk enda ein gang gleda av å høyre dei på 17.mai!

Beathe var med på leiken, og fekk tåle steiken :) Etterkvart tok eg over, og det vart vått!

Damene på kjøkkenet: Beathe, Nina og Jenny. Legg merke til dei fine muffinsane med norske
og danske flagg, dei er Ninas verk!

Skulekoret syng "Alle fugler" tostemt.

Meg foran DNS, med Misti (Arequipas stolthet, vulkanen på 5822 moh) i bakgrunnen.
Morsdagsfeiring

Litt seint ute med oppdatering her.. Men sist søndag var det morsdag her i Peru.
Ungdomsgruppa som eg er med i: "Luteranos al toq", reiste rundt til alle mødrene
til ungdommane. Vi begynte klokka 23.15, og kom heim kl 04.30!! Vi sang morsdagssang,
dattera/ sønnen leste eit dikt og så sang vi velsignelsen. Det var ei veldig fin oppleving.
Denne gruppa har også laga CD, og 1. juni skal vi lansere den med lovsangskveld i kyrkja.
Ver gjerne med å be for denne dagen, då vi trur mange folk som ikkje går i kyrkja til vanleg
også vil komme.
Cusco
ville sjølvsagt komme!
Vi hadde ei super veke der, med temadag om fjell og vulkaner, ut på tur, ridde på hest og hadde det moro. Onsdag ettermiddag var det familiemøte, og ellers leika barna ilag heile tida. Siste natta sov i alle på skulen,
først var det
film, pizza og godteri;)
Eit lite minus i boka var at eg måtte til tannlegen kvar dag mens eg var der, for eg fekk den verste tannverken eg noken gang har hatt.. Så no skal det settast på kroner+++.
Vi vil uansett takke familien Andersen og Alice i Cusco som tok så godt i mot oss! Vi fekk oppleve stor gjestfrihet! TAKK!

Her er Asbjørn, Amalie og meg på flyet til Cusco.

Etter dei hadde ridd(da var eg med tannlegen..:( ) så tok vi denne bussen ned til Plaza de Armas i sentrum.
Her er den tøffe gjengen som sat bakerst i bussen:

Amalie, Rebecca, Asbjørn og Daniel.
Papmaché

I forbindelse med temadagen om fjell og vulkaner, laga vi eit fjell og ein vulkan i papmaché(sånn avispapir som ein limer på), Her er malinga ferdig, og elevane svært fornøgde.
ved Plaza de armas

Ein dag eg var i sentrum var det dansing og opptog rundt plazaen.
Bursdagsfeiring!
Klokka åtte i dag tidleg kom det ungdommar frå ungdomsgruppa (den som er på tvers av alle kyrkjene heime ho Arild og Jenny), og lurte på om eg var klar. Vi skulle bort til Arild, og overraske.
Det heile starta med at Arild fekk 5 egg i haudet:
Vidare måtte han, tradisjonen tru, stappe haudet nedi kaka(som alle sjølvsagt åt etterpå, inkl meg:
Og så var det tid for piñata! Det er ein figur som det er godteri og andre ting inni, og bursdagsbarnet skal slå på den til den åpner seg og alle godsakene fell ut.
Og til slutt var det dusjing med hageslangen ! Ein herleg start på dagen:)
Og her er alle ungdommane som stilte opp tidleg på morgonen:

Chachani

Slik er synet rett utafor døra mi. Vakkert! Vulkanen du kan sjå i bakgrunnen; Chachani ligg på over 6000 moh.
Dei gule taxiane(tique, som er forbode i Norden på grunn av dårlig sikkerhet..) er å sjå overalt i byen.
Huset mitt

-og her bur eg. I det kvite huset i midten, i andre etasje. Ferskenhuset ved sida vart akkurat ferdig, og stålgreiene som står opp på det huset er veeeldig vanlig i Peru. -visst dei skulle få råd til/ lyst på ein etasje til;)
Han er oppstanden, halleluja!

Eg har tenkt på nokre ganger at det er litt rart at eg som kristen feirer jul meir enn
påske. Hadde det ikkje vore for det som skjedde i påska for 2000 år sidan, så kunne
ikkje eg ha vore kristen, eg kunne ikkje hatt eit forhold til Gud. Fordi Jesus kom, lot seg pine,
krenke, og dø for alt det gale som eg har gjort og som eg kjem til å gjere, så kan eg få leve, evig!
Forholdet mellom Gud og menneske var øydelagt, for Gud tåler ikkje synd. Men
på grunn av at Jesus døde for oss, vart det ordna opp. Korset vart som ei bru over til Gud, over den store
kløfta som hadde vore mellom menneske og Gud. Så da kan eg, på grunn av at Jesus døde(og stod opp!!)
få leve med Gud. Gud har gjort alt, eg kan få seie TAKK. Og det vil eg: takk!
Han er oppstanden halleluja. Lov ham og pris ham, halleluja.
Jesus vår frelser, lenkene brøt. Han har beseiret mørket og død.
Lov ham og pris ham vår frelser og venn.
Han som gir syndere livet igjen.
Halleluja, vi skyldfrie er.
Halleluja, vår Jesus er her.
(huska eg rett tekst?)
Påskeferie
Eg har vore ein liten tur til Lima, to dagar, for å få nytt pass, slik at eg skal komme meg heim til sommaren;)
Det var digg å komme seg bort litt, traske rundt i Lima. Den eine dagen fekk eg til og med surfa!
Resten av påska har eg vore her i Arequipa. For første gang her har eg vore på klassisk konsert; Stabat mater av Rossini med stort kor og symfoniorkester; Flott! -har vore på kino, og ellers ein del i kyrkja. Håpar dåkke der heime har hatt det fint! Klem frå Peru
1. påskedag

I dag tidleg var det gudstjeneste klokka 07! Eg dro i ei anna kyrkje enn vanleg.
Mange hadde vore i kyrkja heile natta, bedd, sunge, komt med vitnesbyrd om livet
med Jesus.
Her er nokre av søndagsskulebarna( Arvid som går på DNS framme til høgre, og Alex og Edvard, sønnane til Beathe og Raphael nede til venstre). Så fint å stå opp tidleg og feire i saman med "los hermanos" (brødrene).
Mange kom med vitnesbyrd etter gudstjenesta, og etterpå var det suppe på alle saman.
Langfredag i kyrkja

Dei fire siste dagane har det vore møte på kveldane i kyrkja eg går i. Langfredag
var det damene sin tur å ha ansvar. (nedanfor kan de sjå at dei hadde drama). Det har vore
fint å vere samla slik i påska!
Besøk frå Mars
Ungdomsgruppa på dramaturné

Nokre av ungdommane i ungdomsgruppa (den på tvers av alle kyrkjene) reiste frå kyrkje til kyrkje ein søndag i mars. Dei framførte eit dramastykke knytta til påskebodskapen i ALLE dei 9 kyrkjene her i Arequipa.
Frå kl.08- 20 holdt dei på. Biletet er frå kyrkja der eg går, El buen pastor. Til slutt, etter dramastykket, sa dei Jesaja 53
utenat,
medan bilder frå korsfestelsen og melodi frå Pasion of the Christ var i bakgrunnen. Kjempefin oppleving for oss publikumere. -og eg trur tiltak som dette kan bidra sterkt til enhet i kyrkja, til at nye former kan takast i bruk og at ungdommane kan brukast! Takk til Jenny og Arild som gjer ein så god jobb med denne gruppa!
Åpning av ny kyrkje
Søndagsskulebarna

Her er nokre av barna som har vore med på søndagsskulen. Obs, eg kaller det søndagsskule, men det har vore lørdag ettermiddag. Først fotball og så ein liten andakt og sang. No skal også foreldra få muligheten til å bli kjent med Jesus. I tillegg til kyrkja har det også blitt starta opp barnehage her.
Ved Mistis fot

Oppdatering...
Men eg kan jo skrive litt om livet her uansett:
I dag stod eg opp kl 05!!! På ein lørdag! Hadde avtale med noken veninner i kyrkja om å jogge. -og det måtte vi gjere før sola stod opp. Så eg tok taxi til eit litt anna strøk enn her eg bur. Eindel fattigare. Men eg vil sei det var minst like fint der. Her eg bur er det mykje asfalt, med unntak av parkane. Men utsikten frå huset deira var utover eit stort grønt område, ei elv, og fjella virka så nære. Det var vakkert! Vi tok ein joggetur, 4 jenter + 3 hunder (det var deira). Vi sprang over noken marker, som eg ikkje er sikker på var heilt ok. Først ropte mannfolk etter oss sånne halvsleipe kommentarer, og så ropte ei kvinne: Dei spring i markene våre. -og eg er jo enig i at det er på kanten. Men eg hang jo berre på...
Etter litt styrketrening i eit av dei to romma dei hadde, gjekk vi til elva. Den såg ikkje så gale skitten ut, men rekna med den va veldig forurensa. Men det var fint der iallefall! Klokka 08 var eg heime, og tok meg ein lur :)
Her om dagen vann eg ein kamp. Ikkje handballkamp, for den sporten har ingen her høyrt om.. Men det har seg sånn at folk e veldig flinke til å snike her, for eksempel i den lokale butikken om morgonen. Noken kan berre komme rett inn i butikken, og rope kva dei skal ha, uten å ense at det står 5 andre før dei i køa.. Eg har fått litt forklaring på fenomenet av spansklæraren min: Det er ofte rike damer som gjer det mot for eksempel hushjelper, dei roper høgt og later som dei eig plassen. I min situasjon er det nok at dei trur eg ikkje forstår noko..
Det har hendt mange ganger at eg står i køa, og så berre går folk rett forbi. Eg burde vel snu det andre kinnet til, men det er ikkje alltid lunta er like lang om morgonen. Så (for å komme til poenget) , her om dagen så kom eg inn i butikken rett før ei dame. Eg skulle ha brød. Og det var berre 5 igjen, akkurat det eg skulle ha. Og så, i det eg skulle til å sei til mannen kva eg skulle ha, så seier dama "ciabattas, por favor" (ciabatta, er du snill), sjølv om ho står bak meg i køa!! eg klarte ikkje å holde meg, og det einaste eg fekk fram var "Por favor"(ver så snill), og prøvde å forklare til butikkmannen at eg kom jo før ho... Han hadde sett det, så eg fekk brød!
Følte meg litt ego etterpå, men også som at eg hadde vunne ein kamp; brødkampen, eller kampen mot sniking om du vil! Eit prinsipp liksom. -at det ikkje e greitt at noken berre tek seg fram sånn som det passar dei!
(dei sel også brød i butikken ved sida av, så dama fekk nok mat)
Eg har også fått meg ein kattunge; Emma, som er veldig søt, men også litt irriterande. For ho vil ikkje vere ute, og berre grin og grin visst eg tar ho ut.. jaja, her får eg litt trening i oppdragelse.
Veka som kjem er det misjonærkonferanse her. Alle misjonærane samlast ei heil veke til forhandlinger, bibel, bønn, lovsang og sosialt samvær. Gler meg til det. -og så er det påske!
No er det snart tid for ungdomsmøte i kyrkja. Håpar eg har ork til å legge ut bilder ein anna dag.
God helg!
Pølsekø

Barna er klare for pølser og hamburgere.
På stranda

Ein dag var vi på stranda. Vi laga sandslott, bada i Stillehavet og prøvde å sende opp ein luftballong. Bølgene er store her, og det kan vere eindel understrømmer, så vi kunne ikkje gå så langt ut..
Rundt bålet

Ein av kveldane var det grilling, sang og kveldssamling rundt bålet. Koselig!
Flygefisk

Avslutning av sv?mmeveka
Siste kveld var det festkveld. Og her forteller Tina historie, der alle er involvert. Her er Magnus og Magnus i aksjon.

Etterpå var det kveldsbad i bassenget. (desverre låg eg sjuk i senga da men....)

Svømmeveka vart avslutta under det store treet. Her har elevane fått diplom for fremragende innsats, og svømmemerka dei tok vart gitt ut etter elevane kom tiblake til Arequipa.

Jentene i kloster

Dei siste vekene har gått veldig fort. Mykje av grunnen til det er nok desse to bra jentene som e med på bildet her: Åshild og Anne Line, -våre to praktfulle praksisstudentar. Vi har farta rundt i byen(AL har shoppa alle smykka som er å oppfinne i Arequipa med omegn), vi har prøvd kjoler som vi får sydd, vært i kyrkja + mykje mykje meir. På søndag var vi i Santa Catalina klosteret her i byen. Det var veldig fint, som de ser på biletet. (Eg anbefaler bloggen til AL : www.reisendeolsen.blogspot.com, der det er mange fleire bilder)
Mandag til tysdag var det uteskule, og alle overnatta i telt på skulen, det var liv! -Vi leika nomader(Abraham var også med!).
(les på www.nlm.no, under Peru og DNS)
I måra ber det avgarde til kysten. Neste veke skal vi nemlig ha svømmeveke der. Då kjem store og små frå Arequipa, Cusco og Chiclayo. Vi blir ein stor flokk, og barna skal få boltre seg i basseng, ta svømmemerker m.m.
Eg gler meg veldig!!
Og så må eg sei at sist onsdag, på valentines-dagen, då vart eg våkna kl07 av at det ringte på. Det stod ein mann der med ein stor blomsteroppsats! -det var frå min kjære KM. Gjett om eg vart gla! -mange roser, ballong med "I love you" og ein liten bamse, alt i herleg Perustil..:)
God helg alle saman!
Jentene i byen

Åshild og Anne Line har praksis her på Den norske skulen. To supre jenter med godt humør og ein lyst til å få med seg alt her;) Dei gjer ein veldig god jobb på skulen, og eg har vore så heldig at eg har fått tilbringt mykje tid med dei. Det er jammen digg å ha noken norske jenter på min eigen alder her! -vi har sett eindel rundt omkring i Arequipa, og mykje av tida går også med til kjoleprøving, vi skal nemlig alle tre få sydd to kjoler. Ein av mine er brudekjolen! Kan nok ikkje legge ut bilder av det, for det kan jo vere min kommande mann ser innom her... På mandag vart eg invitert ut av dei, på ballett! Det er ikkje noke eg gjer kvar dag, så det var ei ekstraordinær og veldig fin oppleving!
Her er Åshild og Anne Line på ein restaurant med utsikt over plazaen i Arequipa. I Arequipa regner det jo "aldri", og sola skin kvar dag! -iallefall før desse jenten kom. eg har aldri opplevd Arequipa så kald som desse vekene.. Stakkars dei som hadde plana om å bli såååå brune. I begynnelsen var eg berre gla for at det var kjøligare, men no er det på tide med litt peruansk varme igjen! Det er jo liksom sommar her no...
Antrekket stilte personalet på restauranten opp med, sidan det var kaldt ;)
elgapelga, inkapinka

Her er eg over sentrum av Arequipa, med den kjente katedralen i bakgrunnen.
Følg med på praksisjentene sin blogg!
STRIKKHOPPING

Endeleg! Dette har eg hatt lyst til så lenge eg kan huske nesten: Å hoppe i strikk! Sidan ein viss eg skal dele resten av livet med:), ikkje var kin i det heile tatt, var eg overlukkeleg når dei to galne praksisjentene kom: Åshild og Anne Line: Mi redning! Dei var minst like gira som meg, så da var det berre å slå til.
Vi hoppa i verdens 3. høgaste strikkhopp, den største i Amerika(det var fint å sei;)) Vi var 120 meter over bakken, og hoppa 105 meter i fritt fall. Jepp, eg e gjerne med ein gang til. Dette gav meirsmak!
Her sit vi på reisebyrået og ventar på taxi, ganske så spente..
Åshild var første dame ut...

Åshild hadde tinga først, ho sa at visst det var ei som døde, så var det ho iallefall.. Men Åshild var strålande fornøgd, så vi andre to berre gleda oss!
Anne Line er klar!

Sidan Åshild overlevde hoppet, og berre skraut vilt, er Anne Line kjempeklar. Her er det selen som festast.
Her hoppa eg! 105 meter fritt fall!

120 meter over bakken stoppa heisen. Eg gjekk ut på kanten(fekk beskjed om å ikkje sjå ned, men va jo umulig å la vere!), mannen telte til 3, og så stupte eg uti det! Deilig følelse!
JUUUUHUUUUUUUUU

Vel nede, og i trygge armer :)

Det var sinnsjukt digg å hoppe! Heilt fantastisk! Men på dette bildet hadde eg veeldig vondt i anklane, ein stor dings var festa veldig stramt rundt leggen. (Det bør eg vel vere takknemlig for egentlig, for eg har høyrt at den kan løsne av, spesielt med jenter med store legger... Snakka dei om meg da eller?????)
Da var det over.....

Alle var kjempefornøgde med hoppinga! Dette har eg jammen hatt lyst til lenge, endeleg! Det var første dagen til han som var med opp i heisen, han var visst litt nervøs: " Please don`t die today" sa han :)
Ut på tur!
Keramikkverkstad

Her er eg leitande etter den beste kombinasjonen ev fat og kopp. Eg endte opp med 4 fat og 4 koppar; ein god start!
Dette er forresten på keramiskkverstad i Urabamba, og her lagar dei den mest eksklusive keramikken i Peru.
Halve familien Andersen

Vi søkte ly for regnet under nokre tre. Her er misjonær Mai Britt, med datter Lydia på handa, og Sara ved siden av.
Norge eller Peru?

Her var det utruleg frodig, og mykje kunne likne om Norge. Det kan eg like! :)
Tre generasjoner i den hellige dal

På pæreslang

Vårt mål for turen var faktisk å gå på eple- pæreslang. Og oppover i dalen fann vi eit pæretre, med veldig digge og store pærer. Anne Line (praksisstudent) og alle oss andre åt i veg. Vi fekk også med oss avokado (som heng på tre) ,og kaktusfrukt(Rebecca hadde fliser i fingrane fleire dagar etterpå, og kunne ikkje skrive på skulen neste dag...)
Markedet i Pisac

Åshild (praksisstudent) og meg
Søte barn langs vegen i den hellige dal

Her vart det solgt...... å, eg huska ikkje kva det heiter!! Det er ikkje asparges?
Fotballkamp i Cusco

Eg har no vore lærar for danske misjonærbarn i Cusco i 2 veker. Første søndagen eg var her dro eg og den nyankomne voluntøren Claus på fotballkamp. Det var Arequipalaget Melgar som spelte mot Cusco. Cusco var klare favoritter, men stillinga vart 1-1. Eg trur eg var den einaste på stadion som hadde Melgar- skjorte.. Når Melgar scorte trudde eg målet var annulert, for det var heilt stille..
Nokre dagar etter snakka eg faktisk med toppscorer i toppligaen her i Peru, Cuscospelar Miguel Musto(eller noko sånt..) Det var stas!
Så begynte det å regne....

Det er regntid i Cusco no, så plutseleg slåt det om frå 25 grader og supervarmt til pøsregn, torden, lyn og hagl. Da er det berre å ta på seg regnponchoen sin;)
Stadion i Cusco

Cusco by er omkransa av fjell. Cusco ligg på 3326 moh.
BILDER FRÅ JULE/ SOMMARFERIE!
Julafta i kyrkja

Dette var ein litt ukronologisk start, men bildet er frå julafta i kyrkja. -før dei fleste er komt, men etter gudstjenesta skulle ha starta... Peru...
Juleavslutning med misjonen

Julemiddag/ avslutning med alle som jobbar i misjonen. Til venstre er mine kollegaer Rafael og Beathe.
Arbeider ved steinbruddet

Vi var ute ved steinbruddet utanfor byen. Det er på grunn av denne lavasteinen; sillar, at Arequipa vert kalla den kvite byen. Lavaen kom frå vulkanen Chachani for maaange år sidan. Desse arbeidarane har dårlege arbeidsforhold, og tjener lite..
Juleavslutning på språkskulen

Alle hadde med seg mat frå landet sitt. Legg merke til mammas sveler på bordet, dei e gooode!
Karencita

Her er min nydlege spansklærar Karen. Karen er kjent for å vere litt streng, men ho har iallefall orden på sakene, og eg syns ho er kjempesøt og morsom! -og ho seier eg og er morsom, så da kan eg jo ikkje la vere å like ho ;)
Pappa og mamma

På Zig Zag, ein restaurant i Arequipa. Vi åt alpaka, ku og strutsekjøt! Maten kom inn på sprutande varm steinplate, veldig god mat.
EA OG KM treng smikker

Lykkeleg par! Endeleg ilag etter eit halvt år frå kvarandre...
Nydlege søsken;)

Det e berre det at Bjarte nesten ikkje klara å la vere å gjere grimasa når han blir tatt bilde av, så da kunne ikkje eg vere dårlegare...
På Tradicion Arequipeña

Her er vi på ein av Arequipas bedre restauranter. Vi åt tradisjonelle Rocotto Relleño, som er ein slags paprika(sterk!) fylt med kjøt.
Lillejulafta i kyrkja

Lillejulafta hadde kyrkja eit arrangement for barn i bydelen. Barna fekk høyre om Gud, synge og så fekk dei boller og kakao. Her fortel pastor Jose om Jesus til barna ,som fulgte ivrig med. Det var heilt fullt hus, og kjekt at også eindel mødre kom med barna.
JULAFTA

Julafta i Arequipa var annleis enn det vi er vande til. Men kva gjer vel det når ein har så godt selskap. Eg kan nesten ikkje få uttrykt kor takknemlig eg er for at mamma, pappa, Bjarte og Kjell-Magne kom på besøk!
På ettermiddagen fro vi i kyrkja som eg går i; El buen Pastor. Her hadde barna blant anna julespel,som de ser på bildet.
Jul i kyrkja

Barna var kjempeflinke, og hadde eit veldig fint opplegg med flott kostyme. Misjonær Jenny stod bak det heile, og eg tvilar ikkje på at det låg mykje øving bak dette.
Julemiddag

Pinnekjøtet kom frå Norge, kunne det bli betre? Spesiell, men veldig fin julekveld med oss 5 i leiligheten min.
Julegaver og plastikkjuletreet mitt

Dei fekk ikkje ha med seg meir enn 20 kg i baggasjen, men eg skal love at mange av dei kiloa var til meg:) Vi koste oss på julekvelden!
Ferieplassen på kysten

1. juledag drog vi til kysten, ca 3 timar frå Arequipa. Misjonene har ein ferieplass like ved byen Mejia. Her slappa vi av, bada, og som dåkke ser på bildet spelte vi mykje fronton. Fronton er ein vanleg racketsport her i Peru. I alle parkane i nærleiken av der eg bur er det frontonbaner. Det er veldig kjekt å spele!
Mine herlege foreldre!

Mamma og pappa som er så gode! Er så gla for at dei kom hit i jula :)
Bro & sis

Storesøster og lillebror har det bra ilag!
Kjell-Magne og eg på stranda

Vi gjekk ein fin tur på stranda frå ferieplassen og inn til Mejia, som er ein liten by. Byen er heilt forlatt heile året utanom månadane januar- mars. Då kjem det mange arequipeñere dit på ferie, og byen vaknar til liv.
Solnedgang i Stillehavet

Fantastisk syn ut i Stillehavet.
Bjarte i solnedgang :)

Bjarte tok eit kveldsbad i solnedgangen i Mejia. -For ein kjekkas ;)
KM og meg på kysten

Oss to ved bassenget på ferieplassen.
Sivøyene på Titicacasjøen

Vi drog til Puno, som ligg ved Titicacasjøen. Vi var ein dag ute på sjøen, og fekk oppleve dei flytande sivøyene og ei øy til. Titicacasjøen ligg på 3820 moh.
Ein familie på ei sivøy

Matlaging

Fugl på menyen!
Kjell-Magne og Bjarte

På utsiktstårnet på ein av sivøyene..
Dei som budde på sivøyene solgte ting dei hadde laga.

Sivbåt på Titicacasjøen

Vi fekk ein liten tur med sivbåt på sjøen.
KM og EA med Titicacasjøen bak

PS: Legg merke til den flotte kameraveska på KM. Vi er turister!!!
Typisk hus laga av adobe

Alle husa på denne øya i Titicacasjøen var laga av dette materialet.
Jenta på Taquile

Utsikt over Titicacasjøen

Bjarte og pappa med Titicacsjøen i bakgrunnen
Fleire bilder frå sommar / juleferie
Ut på tur!
Godt nyttår frå Cusco!

Vi feira det nye året i Cusco. Her i Peru skal ein ha på seg noke gult under feiringa, og vi kunne ikkje la vere. Jada, vi koser oss!
Feliz año nuevo

Søskena Sandal var overmåte glade for å få feire inngangen i 2007 i Cusco!
Happy New Year! yohooo!

I Cusco vart det nye året feira med måte ;) Herlege foreldre eg har iallefall!
Mamma og pappa i den heilage dal

Den heilage dal har fått navnet fordi den var og er spesielt frodig og grønn. Inkaene tilbad moder jord og "fader" sol, og gudane kunne tale til dei gjennom fjella. Det er da ikkje vanskeleg å forstå at dette området var spesielt heilagt.
Min flotte lillebror Bjarte

Bjarte med ruiner i bakgrunnen
Kjell-Magne og eg med inkaenes baderom i bakgrunnen

Bjarte og eg

Bjarte og eg i ruiner i den hellige dal
Machu Picchu
På restaurant i Aguas Calientes

KM og meg i byen nedanfor Machu Picchu.
Tog til Machu Picchu

Flott og interessant togtur ;)

Pappa og Bjarte på toget mot Machu Picchu.
Meg på Machu Picchu

Johooooo!!
Gjengen samla

Vi var veldig heldige med veret denne dagen. Det regner ganske mykje her i denne perioden, men vi gjekk rundt i t- skjorte, og var varme. Bildet av Machu Picchu forandra seg heile tida, ettersom skyene flytta seg.
Den gjemte byen

Machu Picchu
NYforlova!

Dette bildet er tatt rett etter at eg svara JA, 10.01.07. Boka eg held i handa fekk eg av Kjell-Magne, nydeleg gave, med bilder, gode ord, humor ++
Stranda i Paracas

Islas Ballestas

Etter ei lita veke med avslapping i Arequipa, dro vi oppover langs kysten til Paracas. (10 timar i buss)Frå Parasac tok vi ein båttur ut til Islas Ballestas(fugleøyer). Der såg vi pingviner, sjøløver, pelikaner + mange mange fuglar som eg ikkje veit namnet på. Kjell- Magne var hakket meir interessert enn meg, men for all del; det var ein flott tur!
Sløv sjøløve

Fugleliv

Pelikaner og andre fuglar
Naturreservatet Paracas

Ei lita strand på naturreservatet i Paracas.
Playa Asia

Dei siste dagane fann vi eit hostal på stranda Asia, ein time sør for Lima. Ei russisk- peruansk dame dreiv det, og ho var nesten som ei mor, omsorgsfull og gjestfri. -Så kanskje det blir fleire turar dit..? Herleg plass!
Avskjed på flyplassen i Lima

Siste timane ilag tilbringte vi på flyplassen i Lima. Som dåkke ser prøvde vi å holde humøret oppe, på tross av at vi ikkje ser kvarandre på iallfall 5 måneder.
Sommarferie
For å få bilda litt kronologisk, legg eg dei siste bilda ut førs..
Forlovelsesringer

Her e ringane som skal vere det synlege beviset på at KM og eg ska dele resten av livet. Vi klarte akkurat å få fiksa dei før han dro til Norge, det var godt! No er han vel tilbake i Norge, og eg ser han ikkje før om iallefall 5 mnd... Sakna han, men det hjelp å tenke at vi skal leve ilag resten av livet.
Vi skal gifte oss!

I går kom spørsmålet eg hadde venta lenge på..
På ein restaurant med utsikt over plazaen i Arequipa, spurte Kjell-Magne meg om eg ville gifte meg med han! -og eg svarte ja! Så til sommaren blir det bryllup på Sandane. Vi gler oss kjempemykje, og har bestilt ringer idag. JIIIPPIIII! Eg skal få leve resten av livet med den guten eg e mest gla i i verda!
4 dagar til eg får julebesøk!

Onsdag 20.desember kjem desse fire(pappa, mamma, Kjell- Magne og Bjarte) frå Norge til Peru, for å feire jul og litt til ilag med meg. Det har eg venta lenge på, og eg gler meg sånn til dei kjem! Etter litt julefeiring her i Arequipa skal vi eit par dager til kysten, før vi drar oppover i fjella til Titicacasjøen, og vidare til Cusco og Macchu Picchu. Dette blir gøy!!!
Øving på julespel

Mandag 18.desember skal det vere juleavslutning på DNS i Arequipa, og til da må julespelet vere ferdigøvd. I år er heile julespelet ein sang, og elevane er kjempeflinke.
VANNDAG på Den norske skolen

Kvar ellevte dag er elevane heilt i hundre, og roper "Vanndag", i det vi køyrer inn på skulens område.
Kanalar vert åpna, og gras og planter skal få det vatnet dei treng. For elevane vil dette seie at det er mykje vatn å leike i. Elevane synest det er veldig kjekt med vanndag. Det er kanskje ikkje så rart når det regner svært så sjelden her i Arequipa.
Juleverkstad
Vi hadde fire poster på juleverkstaden. Elevane laga pepperkaker, raude hjerter i tre(lysestaker), esker i papir med dekor på og "snø- og-vatn-i-glass-greie".
Ein god dag med mykje julestemning. Både vaksne og barn kosa seg.
Spesielt kjekt var det at vi var 11 elevar og ikkje 7 som vi er til vanleg. Men grunnen til at den eine danske familien frå Cusco er her, er at Freia på 10 år skal undersøkjast av leger her. HO har vore sjuk lenge no. Så ver med å be om at dei må finne ut kva det er, og at ho må bli frisk!
(PS: du kan sjå mange fleire bilder på nlm.no--> misjonsfelt--> peru--> Den norske skolen + på bloggen til Pernille og Thomas: www.thomasogpernille.blogspot.com (som alltid er oppdatert!))
Amalie maler lysestaken sin

Mesterkokkane Christer og Amalie

Håkon og Daniel(frå Cusco) lager pepperkaker

Pepperkakebaking

Torsdag kveld kom Yolanda, Tina og Paloma(+ lillebror Sebastian) bort til meg for å lage pepperkaker. Det var koseleg med julemusikk og baking og godt selskap. Eg var litt spent, for eg har vel ikkje akkurat slitt ut verken ovnen eller andre ting på kjøkkenet i løpet av hausten. Men det gjekk bra, pepperkakene "smakte ikkje så verst"(som nordfjordingen seier). Når vi hadde stekt alt laga vi kakao til, og sat å prata. Sebastian på 10 år sovna i sofaen, og begynte å gå i søvne...
Fin kveld.
Jesus og Josefine

Kvar morgon i adventstida er vi samla foran TV-en for å sjå adventskalender. Og det trur eg eg like spennande for dei vaksne som for barna.
Culto Unido / Fellesgudstjeneste

I dag, 3.desember var det fellesgudstjeneste for alle kyrkjene i IELP(Iglesia Evangelica Luterana Peru) i Arequipa.
Tema var evangelisering. Misjonær Geirmund skal jobbe med dette, og lage eit evangeliseringsopplegg. Han delte tankar rundt dette, og alle vart utfordra til å begynne med sine nærmaste, familie og vener. Vi fekk ein lapp, kor vi kunne skrive navnet på 3 personer, som vi vil be for, snakke om Gud med..
Dette var noko som rørte ved alle som var i kyrkja! Antall personer i kyrkja har ikkje stege dei siste åra.. Etterpå satt alle kyrkjene i grupper, og snakka konkret om kva vi skulle gjere for å få med fleire.
Dette var berre starten, og det blir spennande å sjå kva som skjer!
Adventssamling på DNS

I ettermiddag, 3.desember, hadde vi adventssamling på den norske skulen. Vi sang julesanger, tente adventskransen, elevane sang nokre sanger, åpna adventskalender, Pernille fekk oss til å tenke over at vi ikkje må gløyme hovedpersonen i jula. Vi må invitere han i bursdagen hans. Og det kan vi for eksempel gjere med å be til han, og tenke på han når vi syng julesangane.
Til slutt drakk vi kakao og åt paneton(liknar litt på julebrød, med sukat i). Dette er typisk julemat her i Peru. Dei et det som kaffemat i Norge trur eg.
Eli og Teodor

Vi såg på adventsprogram. Det vart ein gamal VHS med Eli og Teodor. Morsomt. Men det er altså ikkje denne vi skal sjå til vanleg på skulen. Vi skal sjå ein dansk adventskalender, Jesus og Josefine, men den har ikkje komt i posten enda.
Adventskalender i vinduet

Frå venstre: Arild( med datter Ariana), Roar, Jenny og Soili.
I bakgrunnen kan du sjå adventskalenderen vår på vindua, og ein rosa solnedgang utanfor.
Julestemning på kjøpesenteret

I dag var eg og åt middag med familien Hamre og Soili på Saga, eit(eller det eine) kjøpesenter her. Der er sånn FoodCourt, eit stort område der du kan ete uansett kor du har kjøpt maten(det er nok 7-8 ulike fastfood.kjeder der). Iallefall, mens vi sat og åt, høyrte vi plutseleg flotte mannsstemmer som sang O Holy night. Det var 4 unge gutar som sat på bordet ved sida, som sang. Dei fortsatte i sikkert 10 min med ulike sanger, og fleirstemt. -og plutseleg så forsvant dei. -etter at alle fire berre hadde delt på ein pommes frites... Morsom opplevelse.
Jul i stova :)

Det er alt 2.desember, og ikkje lenge til jul! Eg gler meg som ein unge til jul(eg får jo besøk!), og i tillegg er eg så heldig at eg gler meg mykje til alt som skal skje før jul og. Å vere lærar i adventstida, kan vel ikkje vere noko anna enn koseleg! Det er mange år sidan eg har fått gjort så mykje ut av adventstida som eg trur eg får gjort i år.
Kvar dag på skulen er det lystenning, julesangar, åpning av adventskalender, dvd- titting på adventsprogram. Høyrest det ikkje bra ut? I tillegg skal vi ha adventssamling med alle foreldre, søsken og misonærer i morgon, juleverkstad, juleavslutning + mykje kos.
I går fredag 1.desember tok vi fram julepynten, og pakka opp plastik- juletreet frå kassa. Vi pynta medan vi høyrte på julemusikk(på gamle kasettar.. DNS bør få nye juleCD-ar!)
Eg trur ikkje det skal vere nokon fare for at elevane skal gløyme at det er advent, sjølv om det er lite som liknar på kald(eller mild) ruskete norsk adventstid, med mørke morgoner og ettermiddager.
Her blir det berre varmare og varmare.. dei siste dagane har eg flytta meg til skuggen i friminutta, for det er for varmt(no tåler ikkje eg så mykje varme heller da...)
Eg har også pynta i leiligheten min! Og eg e ganske fornøgd. No sit eg her og høyrer på julemusikk. På mandag skal Beathe og eg ut å leite etter juletre. Lurer på om eg skal ha farga lys som blinker? Og kanskje med musikk og?
Hehe, i går tidleg når søppelbilen køyrte forbi, var det ikkje lenger Titanic-sangen som vart spelt. No var det ein julemedley med 3 sanger: We wish you a merry christmas, bjelleklang og Rudolf er rød på nesen. Det er mangt ein kan komme i julestemning av.
I morgon tidleg er det Culto Unido, det vil sei fellesgudstjeneste for alle kyrkjene!
For 2000 år sidan vart Gud menneske. Jesus vart meir enn eit lite barn som låg i ei krybbe. Han viste oss kven Gud var, og tok på seg all vår skyld. Utan påska, blir jula lite.. Dei to høgtidene heng tett saman! På grunn av Jesus kan vi få vere sammen med Gud, som er hellig.
God adventstid alle sammen!
Julepynting

Skuletur til Cusco
I slutten av februar skal vi igjen vere saman på svømmeveka på kysten!
Ellers gjenstår det å seie at Cusco er ein vakker by, med mykje historie. Og eg gler meg til eg skal tilbake dit i jula når eg får besøk. -og no kjem mange bilder frå turen:)
Amalie

Amalie sovna på meg i bilen..
Matpause på bibelskulen

Vi stoppa på bibelskulen Clet i byen Juliaca, som ca ligg på halvveisen mellom Areuipa og Cusco.
I januar og februar/ sommarferien er det bibelskule her for ungdom.
Slik kunne hus langs vegen sjå ut..(laga av adobe/ soltørka jord)

-eller slik..(her regnar det!)

Grønnare..!

For oss som bur i Arequipa(ligg i ørkenområde), er det så deilig å sjå grøn natur! Og det er ingen som klagar om det kjem nokre regndråpar. Da blir berre stemninga betre. Eg har faktisk ikkje opplevd regn i Arequipa. Men eg høyrte rykter om at det regna bittelitt akkurat då eg var på den herlige turen min til posten for å sende pakkar;) Men eg var jo der så lenge at eg ikkje merka noko..
Morgonsamling

Kvar dag vart starta med morgonsamling på skulen, der vi sang og las i Bibelen.
Trange gater

Dette bildet er tatt frå taket der vi budde. Vi budde i lokala til skulen, og i første etasjen var kyrkja. På taket hadde barna litt leikeapperat. Men ellers var det lite plass til å utfolde seg i fri luft, i forhold til kor stor plass vi har i Arequipa.
Kvar gang vi skulle ut og inn med bilen var det eit prosjekt. Det er faktisk ein grunn til at gatene er så trange. Når folk begynte å bygge hus her, så var det satt av areal til offentlig veg i mellom husa. Men når det tok tid før vegen kom, så tok berre innbyggerane litt av vegen alle saman, og sat opp gjerde. Så da endte dei opp med denne smale vegen. Kommunen krevde altså ikkje tilbake arealet..
Sacsaywaman

Sacsaywaman skal ha vore eit soltempel i inkatida. Vanvittig store steinar er med på å bygge opp dette området. KOr dei kjem frå veit ingen sikkert. Men dei har prøvd, og funne ut i seinare tid, at visst mange nok hjelper til, så kan enormt store steinar flyttast med handkraft.
Naturlige rutsjebaner

På Sacsaywaman- området var det naturlege rustjebaner, det var artig!
Eg i rutsjebana

Det var gøy! Men eg vart seff våt i rumpa når eg kom ned, for der var ein sølepytt;)
Cusco sett ovenfra

Cusco sett frå Sacsaywaman. I Cusco er det regler om at alle hus på ha teglstein på taket(derfor er det så rødt).
Middag hos danske misjonærer

Kvar dag fekk vi middag hos dei danske misjonærane. Og barna fekk leika saman, mens vi slappa av.
her er f.v. Håkon, Christer, Magnus, Asbjørn Knut, Rebekka, Arvid, Amalie og Daniel.
Onsdag: Tur til Pisac
Om kvelden når vi kom tilbake til Cusco fekk vi lærarane litt fri, og fekk oppleve Cusco by night.
Den hellige dal

Nedi dumpa er litt av den hellige dal. Dalen var hellig for inkaene fordi den var så frodig og fruktbar(dei trudde jo på moder jord og fader? sol?)
Bakaren i Pisac

Dette er bakaren i Pisac. Her kom kokkar frå andre restauranter, og fekk steikt maten sin. Vi åt nystekt pizzabrød; nydeleg!
Pisac var ein sjarmerande liten by, med veldig trange gater. På plazaen var det eit stort marked.
Marsvin til lunsj?

Ved denne bakaren, kunne ein også velge seg ut eit marsvin blant desse, som skulle steikast. Eg lot vere denne gangen, men eg må vel smake snart? -Æsj, eg tenker berre på marsvinet som eg hadde som liten; Gulli..
Vannkanaler

For å få vatn til terassane(som du kan sjå på bildet under) brukar dei eit kanalsystem, slik som på bildet. Fasinerande opplegg..
Ruiner og terasser

Her er ruiner fra inkatida, og terasser med dyrka mark. Det er fantastisk å sjå korleis dei kan utnytte jorda, sjølv om det er bratt.
Hus laga av adobe

Veldig mange hus er laga av adobe (soltørka byggestein). Det er jordstein, i stadenfor murstein. Det skal visst holde godt på varmen.
Ruiner utanfor Pisac

Meg og Beathe ved nokre ruinar utanfor Pisac
Cusco by night

Muren til høgre er frå inkatida, og der er også den berømte 12-kanta steinen. Muren er fundament for fleire hus, og under jordskjelv har husa blitt øydelagt, men muren frå inkatida har stått.
Kunst-restaurant

Onsdag kveld fekk vi barnevakt eit par timar mens vi vaksne gjekk ein tur i byen: Cusco by night. Det var fint. Vi var på ein veldig spesiell og fin restaurant. Det var kunst overalt her. Og bordet som de ser på bildet er eit badekar som fungerer som eit akvarium med fisker i. Veldig stilig.
Plaza de armas by night

Dyrehage og Zona X
Kondor

Dåkke som følger ivrig med her, husker at vi var på skuletur til Colcadalen, og såg kondor der. Her fekk vi sjå den på nærare hald. Men dette var det dyret som det var mest trist å sjå innebura. Den e jo skapt for å fly over enormt store områder(Kan gjere fly 250 km på ein dag for å finne mat). Vi fekk høyre at dette var ein god dyrepark for dyra i forhold til andre her i Peru.
Vakkert!

Strutsen

Strutsen var nesten det kulaste dyret. Den har ein veldig morsom måte å gå på, og er vanvittig stor!
Zona X
Nokre meiner nokre av hulene er frå Inkatida, då dei skulle ha stein til gudetempel, som til dømes Sacsaywaman. Barna storkosa seg iallefall her!
Arvid på veg inn..

Arvid er minstemann på 5 år, og han går i børnehaveklassen? (dansk system)
Meg på veg inn i ein tunell

Eg syns det var veldig artig med desse hulene og tunellane. -Og barna digga det! -Elevane i Cusco hadde uteskule i dette området før skulebygget var ferdig, og dei har funne over 40 huler og tunnellar. Nokre var for små til at eg kom meg inn;) Og dessuten var eg ganske redd for å få eit eddekoppbol i hovudet!
Rektor- Beathe ;)

Her er Beathe inni i ein tunell.
Beathe er gift med Rafael som er frå Peru, og dei skal vere her i akkurat same tidsrom som eg. Rafael er assistent på skulen, og har også musikk(er musiker) og spansk.
Amalie og Rebekka

Amalie(2.kl., min elev her i Arequipa) og Rebekka, som er dansk og bur i Cusco.
Smale gater i Cusco

Torsdag ettermiddag var vi ein liten gjeng som fekk litt omsvsning i Cusco sentrum. Utruleg fin by. Mange har jo sagt det til meg, men eg vart likevel overraska. Det er mange smale og trange gater, og murar som er frå inkatida. Historisk og flott by.
Den store katedralen i Cusco

Plazaen er i framgrunnen.
Ein søt plaza i Cusco

Alle byar i Peru har ein plaza lidt i sentrum. I cusco var det fleire, også denne. Cuscoflagget svaier i vinden og bobla(som du ser overalt her) er sjølvsagt med.
El buen Pastor

Her er nokre av ungdommane i kyrkja El buen pastor(den gode hyrde). Eg trur eg har bestemt meg for at det er her eg vil gå fast. I går kveld var det ungdomsmøte der. Vi skulle ta avskjed med Joel, ein av ungdommane, som skal flytte til Argentina. Han har vore leder i dansegruppa i kyrkja, og er ein fasinerande person. Han vart kristen for eit år sidan, og vart også helbreda for kreft. (du kan lese meir om han her: http://www.nlm.no/?pid=150§ion=news&rowcount=0&id=8298) Det var sikkert 40 personar i kyrkja i går kveld!
I dag tidleg var eg på gudstjeneste i same kyrkja. Etter møtet var slutt, sat eg igjen med fleire ungdomar og sang lovsanger. Flott oppleving!
Eg kjem sterkare tilbake med bilder av Cusco-skuleturen som vi hadde sist veke.
Julegaver, effektivitet og Cusco
Men skulle gjerne hatt bedre tid. I går skulle siste etappe gjerast; gå i posten å poste pakkane. Det trudde eg skulle gå lett, for eg hadde nettopp brukt veldig lang tid på å tape og emballasjere alt godt. Det første dama i kassa seier er "Kva har du oppi?" Eg seier det er julegaver, men ho kan jo sjølvsagt ikkje tru på meg, så eg må begynne å pakke opp. HO sa eg måtte pakke opp alle, og vise alt! -Eg hadde jo nettopp brukt fleire timar på å pakke alt inn!!!!! Eg holdt på å begynne å grine, at det går an!!! Heldigvis holdt det med å pakke opp ein av pakkane. Men eg måtte sjølvsagt tape bedre, og skrive avsender og mottaker på andre plassar. -og dama var ikkje akkurat hjelpsom. Eg skal ikkje legge meir ut om detaljane, men mykje irritasjon og 1,5 time seinare kom eg meg ut av posten. Tanken om effektivitet som er så sterk i Norge, trur eg ikkje det er mulig å finne her. Dette kan til tider skape mykje irritasjon for ein effektivist:) Men det skal seiast at dama bak disken avslutter sekvensen med å spør korleis det er i Norge no, om det er snø osv.,. Da er alt greitt, og eg smiler mens eg går ut.
I dag(søndag) skal eg i kyrkja, så skal vi misjonærane opp på Den norske skulen : grille, spele fotball og volley, slappe av. det er valg i dag, så dei fleste kyrkjene har ikkje gudstjeneste, difor skal vi samlast.
I morgon drar Den norske skulen til Cusco, 9 timar frå Arequipa(hovedstaden i Inkariket, nært Machu Picchu). Der skal vi vere til fredag. DNS har 4 danske elevar i Cusco, og vi skal besøke dei, og sjå på mange av dei historiske plassane. Det blir spennande!
Dugnad på ferieplassen i Mejia
Basseng med Stillehavet i bakgrunnen.. Idyll!

Det er enda ikkje så varmt at det er deilig å ligge ved bassenget lenge. Men vi tok oss likevel kveldsbad og "dagbad".. Ut i desember, januar og februar fortel rykta at det skal vere veldig varmt her. Og da våkner også byen Mejia(5 min køyretur unna) til live. Den er nesten heilt død gjennom vinterhalvåret.
Dette er ein skikkeleg fredfull plass, som er som ein reatreat for oss som bur i millionbyen til vanleg... Herleg å føle at ein trekk inn frisk luft!
Dei vaksne tek seg ei lita kaffepause.

-mens lille Johannes leika seg..

Johannes Hamre er ein liten luring. Han har detluraste, litt rampeaktige smilet eg trur eg har sett hos ein unge.
Legg din veg i Herrens hand...
eller på nynorsk:
Ha di lyst og glede i Herren, så skal han gje deg det hjarta ditt ynskjer. Legg din veg i Herrens hand, lit på han, så skal han gripa inn.
(salme 37, 4.5)
På misjonærmøtet i kveld vart eg minna på desse versa. Syns det er så godt å lese det.
Gud veit alt om meg. Han kjenner meg bedre enn er gjer sjølv. Han er så vanvittig mykje klokare enn meg. -og ser større på ting enn lille meg gjer. -Og i tillegg til dette, så vil han meg(og alle menneske) berre det beste. Kva er vel då bedre enn å stole på han??!!!
Likevel er det oftast lettast å stole meir på seg sjølv enn Gud, og først prøve å finne ei løysing på problem sjølv. -i staden for å søke Gud først.
Gud veit kva vi treng, og vil gje oss det. Vi treng ikkje bekymre oss, men vi kan få fortelle alt vi tenker på til Gud, og hans omsorg for oss er uendeleg. (Les gjerne matt. 6, 25 -34)
Dagens utfordring for meg er iallefall å sette Gud på førsteplass, og bruke meir tid med han i kvardagen.
Ønsker dåkke ei velsigna god veke, alle saman!
Til dei bilinteresserte..
www.thomasogpernille.blogspot.com
Den norske skulen i Peru på Colcatur
Vi dro torsdag morgon frå Arequipa, og turen til Chivay, kor vi skulle overnatte tok 3-4 timar. Vi køyrte gjennom veldig øde landskap. Og var på det høgaste på 4800 moh. Då vi kom fram i Chivay åt vi lunsj på plazaen der. Etterpå dro vi til dei varme kildene utanfor Chivay; fantastisk!
Neste morgon var det tidleg opp for å få muligheten til å sjå kondoren. Vi dro frå hostallet vårt kl.06.30, og køyrte i 1,5 time på grusveg, før vi kom inn dit vi skulle sjå kondorane. Landskapet var vilt, bratt, vakkert. Vi såg 4-5 kondorar, og var fornøgde. Vi fekk også kjøpt med oss litt Colcasuvenirer. Så bar det tilbake til Chivay, der vi år ein herlig buffee. Og så tilbake til Arequipa. Ein kjempeflott tur var det. Og særleg kjekt å dra på tur når elevane er så positive og greie!
Ut på tur!

Det vart mange timar i buss desse to dagane. Men vi fekk tida til å gå raskt ved hjelp av sang, høgtlesning, gåter og musikk...
Grusvegar

Den stakkars Toyotaen vår fekk hard medfart på turen. På vegen til Chivay køyrte vi over ein halv time på grusveg. frå Chivay og inn Colcadalen var det berre grusveg, 1,5 time. -vanvittig når ein veit kor mange turistar som drar hit kvar dag!
Lamaer

På vegen såg vi mange lamaflokker. -ser ut som sauer med forvokste halsar;)
Chivay

Endeleg såg vi byen Chivay, som er den største byen i Colca. Her skulle vi sove.
Varme kilder utanfor Chivay

Vi var i desse varme kildene i 2-3 timar torsdag ettermiddag, og koste oss skikkeleg. det var 5 ulike basseng der. Herlig!
Dette bassenget var så varmt at ein nesten brente seg..
Varme kilder

Nokre basseng var mindre fristande enn andre...

Håkon og meg

Elevane mine

Dette er dei tre elevane som eg har hovedansvar for:
Håkon Hamre(2.kl), Christer Daniel Herigstad(3.kl) og Amalie Monsen (2.kl). Dei beste elevane ein lærar kan ønske seg :)
Meg med Colcadalen bak

Colcadalen er verdens djupaste dal. (eller det er ein som er litt djupare, men det fann forskerane ut for berre nokre få år sidan, så den er ikkje så kjent)Det er iallefall 3400 meter frå toppen til botnen. Og frå der vi stod var det 1200 meter ned!
KONDOR!

Desse to prikkane er altså kondorer! Vi såg nok 4-5 kondorer, men dei var eit godt stykke i frå oss..
Kondoren er verdens største flygande fugl, og har eit vingespenn på opptil 3,2 meter. Den er gribb, og et døde dyr. Kondoren kan bli 50 år eller meir!
Indianerdame

Langs vegane, og der alle turistane stoppa for å sjå kondoren, stod det indianerdamer, som ville selga tinga sine. Flotte drakter!
Vill natur

Colcadalen, på veg tilbake til Chivay, kor vi budde.
Søt jente..

Ei veldig søt og kosete jente på restauranten på hostallet der vi sov. Ho hoppa opp på fanget og ville ha klem:)
SNØ!

På veg tilbake frå Arequipa begynte det å snø oppe på fjellet. Alle måtte ut, for dette er ikkje kvardagskost for oss som bur i Peru. Den eine danske guten hadde ikkje sett snø på iallefall 4 år! På bildet er Knut Hamre, 11 år, som er eldstemann på skulen.
På det høgaste køyrte vi på omtrent 4800 moh.
Skuletur til Colcadalen

Her er alle samla i Colcadalen. Herfrå såg vi 3 kondorer. Dei var ganske lagt borte da men...
Allehelgensdag på gravplassen

Gravplassen sett frå Den norske skulen. Vi dro opp dit siste timen på onsdag, som var allehelgensdag. Denne dagen blir feira annleis her i Peru enn i Norge. Gatene var avstengt for bilar, og fyllt opp med tivoliting, boder der dei serverte mat, solgte papirblomster eller ekte blomster for å sette ved gravene. Det var feststemning overalt.
Fullt liv på gravplassen

Folk samlast på gravplassen på Allehelgensdag, og er der heile dagen o utover natta. -Dei steller gravene, har med seg mat til dei døde og seg sjølv, syng for dei døde. Det er fullt av folk også i gatene i nærheten, nesten som 17. mai i Oslo.. -Det som er dumt er at folk ofte drikk mykje, også på gravplassen, og barna må kanskje vere saman med fulle vaksne..
MARSVIN... MMM...

Marsvin, ein spesialitet i Peru! Dåkke skal få smake det om dåkke kjem hit;)
Festival de musica
Det var ein kjempeflott kveld! ?all ære til Gud!
Gruppe frå kyrkja Sion

Dette er ungdommar frå kyrkja "Sion", som er kyrkja ved skulen Diego Thomson(for dåkke som følger med..). Eg har vore eindel i denne kyrkja, og vore på tur med desse ungdommane. I denne kyrkja er det mykje ny lovsang med litt fart i:)
Ungdomsgruppa

Dette er ungdomsgruppa som eg har vore med i haust. Det er ungdommar på tvers av kyrkjene. Vi har hatt alfakurs og no har vi om å vere kjærester/ finne seg kjærest. Kvar onsdag møtes vi hos Arild og Jenny; syng, har undervisning, snakkar, ber og et litt.
Vi sang to sangar som var oversatt frå norsk til spansk("For en mektig Gud vi har" og "Vi er her for å prise ditt navn").
Gruppe frå kyrkja Cristo vive ( Jesus lever)

Flott sang og innlevelse frå jenter i kyrkja Cristo vive. Judith som syng til høgre er også med i ungdomsgruppa.
Besøk frå Juliaca

Misjonen har også søsterkyrkjer og bibelskule i byen Juliaca(ein fjellby 5 timar herfrå). Her er ei gruppe frå kyrkjene i Juliaca, som var på besøk. Dette var noko heilt anna enn dei andre innslaga, sangstemmene til damene var veldig uvante: veldig spiss og skarp lyd. Det er visst kultur for å synge slik i kyrkjene der. Dei haddde ein spesiell innlevelse, og bevegelser til sangen. Flott og annleis.
Danserane frå kyrkja Buen Pastor

Desse ungdomane er frå kyrkja El buen Pastor. Guten i midten(og ein til som er utanfor biletet) var spesielt flinke å danse sånn `breakeaktig`. Veldig imponerande og kult!
Alle kyrkjene samla

I dag, søndag, var alle dei 9 kyrkjene til den evangelisk lutherske kyrkja her i Arequipa samla. Vi køyrte til ein plass omtrent 40 min frå byen, som heitte Quequena. Det var ute på landet, omringa av fjell. Og vi var på eit friluftslivområde, der det var plass til å til dømes spele ballspel og der var også badebasseng. Vi hadde først ei gudstjeneste, og så var det konkurranser mellom kyrkjene i fotball og volleyball. Ellers slappa folk av i sola eller i skyggen med mat. Mat for peruanerane er ikkje brød, så alle hadde med skikkeleg middagsmat. -og gavmildheten var stor, eg fekk både middag og drikke.
Moralen på fotballbana var det verre med. Eg spelte med damene, og når vi leda, begynte det andre laget å krangle med dommaren om alt muleg. -og han lot seg påverke.. -Irriterande! -Min kjære medmisjonær Jenny, fekk blåmerke av ei jente, som sparka ho med vilje og.
Trur ikkje Fear Play e eit kjent uttrykk her...
Men til trass for dette, så var det ein veldig flott dag! Fint å vere ilag alle saman, og deilig å komme seg litt bort frå byen.
Talentiade på Diego Thomson
Denne skulen er offentleg, men misjonen/ IELP(Iglesia Evangelica Luterana de Peru) er medeiger, og skulen er evangelisk. Skulen har 370 elevar, og er ein av dei beste skulane i Arequipa. -"Ein luksusskule i slummen", som ein sa på fredag. Skulen hadde jubileum, og fekk ein komfyr og stor kasserolle av kommunen på fredag. Alle elevane får nemlig middag på skulen, når dei betalar 2 kroner i veka.
Misjonær Jenny(frå Norge/ Ecuador), jobbar som rådgjevar på skulen.
Talentiaden samla mykje folk frå nabolaget, og eg trur det var omtrent 600 ute på skuleplassen denne kvelden. Fokuset var klart, konfransierane la tydeleg vekt på kvifor vi var der; for å ære Gud, og dansane/ sangane hadde ein kristen bodskap.
Meksikansk musikk

Nokre av elevane var kledd ut i meksikanske drakter, og sang og dansa.
Adam og Eva (og Jesus til høgre)

Dans og sang

Desse barna sang og dansa.
4- 5 -åringar

Desse barna er 4- 5 åringar. Dei hadde eit av dei beste innslaga. Dei tok i grove trekk heile bibelhistoria frå Adam og Eva, til Jesus som er verdens lys. Flotte kostymer og flott opplegg!
Ivrig publikum

Tre av elevane mine; Magnus, Christer, Håkon + meg
Pernille 22 år!

Pernille(danske voluntøren som bur i etasjen under meg, saman med mannen Thomas) hadde bursdag på onsdag! Vi feira med kake på skulen, og på ettermiddagen var alle misjonærane bedt på kaffe og kaker.
Magnus og Wito

Magnus(Hamre, 4.kl) og Wito, som eg godt fornøgd etter å ha ete kake ;)
Elevane leikar med kvalpane

Brødrene Magnus, 4. kl(til venstre) og Håkon, 2.kl leiker med Grees.
Kvalpar på Den norske skulen

Vi har vakthunder( i tillegg til ein "vaktfamilie" som bur i ei hus ved skulen) på Den norske skulen. Tre hundar var der. Men så døde den eine hunden, så då fekk vi to kvalpar i stadenfor. Dei er veldig små enda, og veldig søte. wito og grees(veit ikkje korleis det skrives..) er navna barna har gitt dei. Elevane hentar ofte hundane i friminutta, og leiker med dei. Men kvalpane er enda små, og spring fort tilbake til den lille kassa si. Men vi skal nok få mykje leik og kos med desse to krabatane ;)
Ein spesiell person..
?Dette er ein person som eg har blitt kjent med i løpet av det siste året, men som likevel kanskje e den som betyr mest for meg no. (Mamma og pappa, og dåkke andre som føla dåkke trufne: dåkke betyr enormt masse, mn på ein anna måte..:))
Sjølv om dette er ein Perublogg, så må eg berre få skrive litt om kjæresten min, som bur i Norge. Han e jo ein stor del av livet mitt her, sjølv om vi er laaangt borte frå kvarandre.
Det er jo noken av dåkke som ikkje rakk å få sett han før eg dro til Peru, så her skal dåkke få sjå noken bilder.
La meg få presentere Kjell- Magne, eller Kjellis om du vil, som er navnet på denne flotten guten på 24 år: Kjellis har akkurat kjøpt seg leilighet i Bergen, og har begynt i ny jobb der, som elektroingeniør. Han har altså blitt voksen. Han e opprinneleg frå den lille, berømte øya Tustna på Normøre. Han er den nesteldste i ein søskenflokk på 8! barn. Han er flink å spele fotball og volleyball, og å stå på telmark(vi møttes jo på KRIKleir), og å spele data(men det visste eg ik før eg vart litt meir kjent med han?). Og så e han veldig snill og omsorgsfull, for ikkje å nemne handyman. Akkurat ein slik som ei naiv jente som meg treng å bli passa på av;) Eg kan ikkje anna enn å takke Gud for han!
Skulle det vere noken spørsmål, så er det berre å spør :)
Akkurat blitt kjæresta..

15. mai 2006
Oss to..

Bildet er tatt på vår sommarturne; Sandane --> Tustna --> Oslo. Og dette er i Kristiansund, som e ei ferge og litt til frå Tustna.
Guten min!

Siste kveld med verdens beste gut

Dette er frå siste kvelden i Oslo/ Norge. Midt i all pakkinga mi, så fekk vi tid til å gå ut å ete ein siste middag.
Haustferien er over..
Det har vore ein fin ferie, til tross for litt for mange måltid aleine...;)
Eg har surfa, -eg klarte å stå aleine til slutt!, bada, sola meg, slappa av, lagt meg tidleg, sove lenge.. -og visst folk har vore interessert i å prate, så har eg iallefall hatt tid;)
Den siste natta unna eg meg litt ekstra luksus, dro til ei strand i nærheten, og tok inn på eit dyrt hotell med basseng, der alt var reint og herlig! -eg fekk eit rom for 6 personer, med den store verandaen med hengekøye. det var til go med varm og god dusj, beste dusjen eg har tatt sidan eg kom til Peru! Det var digg!
Eg kom heim i ettermiddag, etter 16 timar på buss og 1,5 på fly. Godt å vere "heime" i Arequipa igjen:)
Fisk er godt!

Eg har ete fisk kvar dag denne veka. Så digg med sjømat når ein er på kysten, alt er ferskt! Eg har ete vanleg stekt fisk, chiccharones(som på bildet, frityrstekt eller noke), ceviche!(to ganger, Kjell!) og ei blanding med all mulig sjømat, inkl blekksprut. NamNam:)
Mannen med bobla.

Det fins mange bobler her i Peru. I dag fekk eg gleden av å sitte på i ein av dei i Lima. Denne bobla er levebrødet til taxisjåføren. Dei to, han og bobla har vore kompisar i 25 år. Eg foreslo at han måtte ha eit navn på den.. Kona hans hadde vore sjuk i 19 år, og han måtte jobbe mykje for at dei skulle ha det greitt.
Det var ikkje noko problem å betale dei 40 soles(80 kroner= dyrt her) han skulle ha for turen til flyplassen!
Den rike mannen....

Denne mannen vart eg kjent med siste dagen i Mancora. Han leiger dette huset mens han jobber med oljeprosjekt utanfor Mancora. Han er sjef i eit selskap, og har masse penger. Eg måtte feks berre komme når som helst med ei veninne og bu her i huset, og han ville betale flybillettane. I dette huset er det soveplass til 25 personer, og basseng utanfor! Mannen ser ut til å ha alt. Men det krev også sitt.. Han har ein son på 8 år som bur utan faren sin halvparten av tida, og mannen har heller inga kone å dele alt med. Den siste kjæresten begynte å stjele frå han.. Han har alt, men ingenting.. I dette landet er det store materielle forskjeller, men det er nok ikkje alltid dei rikaste som har det best.
Surfeparadiset

Dette er kor eg hang eindel mens eg var i Mancora. Her fekk eg surfetimer, åt, brukte internett, prata med to surfegutta som ofte holdt meg med selskap.... Det ligg heilt på stranda, veldig fint!
Luksus ved Stillehavet

Mancora
Eg har ogsaa funne ein sikker vinnar naar det gjeld mat; stekt fisk med ris, salat og stekte bananer! mmmmm... Men i dag naar eg kom tilbake til same plassen som eg aat i gaar, saa var prisane over dobbelt saa hoege. Eg skjoente ingenting, og trudde eg kanskje var komt til feil plass. Men det var rett. Til slutt sa restaurantmannen at ja, du kan faa den retten til 14 kroner. Eg spurte korfor det da stod 34 kroner paa menyen. -Det var for andre det, sa han.... Det gjeld aa foelge litt med, for det er nok mange som er klare for aa lure ein naiv kviting.
Framme i Mancora!
Naar eg kom til Lima var eg heldig og traff paa ein hyggeleg taxisjaafoer, som for 5 soles(10 kr) ekstra, ville vise meg ein billig, men bra plass der dei solgte sekkar(eg hadde jo tenkt meg til den dyraste turistplassen). Han var sikkert med meg der ialelfall ein 45 min. Og i bilen snakka vi om aa tru og saann. Eg var den foerste lutheraneren han hadde moett..
Vel, ein luksusbuss frakta meg 15 tima lenger nord. Ogsaa her var eg heldig aa faa sitte med ein hyggeleg peruaner, men han mumla og snakka saa fort, at det var umuleg aa skjoenne noke om helst. Eg sa det,mn det hjalp ikkje. Paa bussturen fekk vi servert middag, frukost, og det var bingo paa kvelden;) Behageleg tur!
Ankom Mancora kl 06, og begynte aa leite etter plass aa bu. Til slutt endte eg opp paa same plassen som eg budde paa for 2,5 aar sidan. Artig.
Alle folk er snakkar med synest det er like rart at eg reiser aleine. -men det syns jo egentlig eg og...
Vel, har det bra, sjoelv om det er kjekkare aa ete paa restaurant i godt selskap,utenom meg sjoelv da..;) Deilig aa kunne sove lenge, slappe av...
God veke, alle saman!
Haustferie
Det har gått i ett sidan eg kom hit 2. august, og eg begynte å jobbe med ein gang. Skal bli godt med ferie!
For å få ønska mine for ferien oppfylt, må eg dra langt. Eg ville bort frå byen til ein varm plass, og eg vil prøve å surfe. Då måtte eg til Mancora, ein liten plass heilt nord i Peru, på grensa til Ecuador. Det skal vere eit varmt surfeparadis.
Eg har faktisk vore der før, 3 dagar for 2 år sidan, då eg hadde praksis i Ecuador. Men då var eg sjuk, så no vil eg freista lukka att:)
Eg drar på søndag, og blir borte ei veke. Fly til Lima i 1,5 time, og 17 timar buss derfrå! -Skulle gjerne hatt reisefølgje, men eg får ta det som ei utfordring; har eg nok selskap i meg sjølv?? -Står i fare for å kjede meg...
Bussen min

Denne bussen/ combien tek eg kvar dag frå Den norske skulen til språkskulen; 40 min. Eg er heldig og fornøgd visst eg får plass framme med sjåføren. Da har eg goood plass til beina;) Turen kosta 1 krone og 20 øre.
Tradicion Arequipena

Eg på ein av byens beste reatsuranter, berre 5 min unna her eg bur.
Bursdag

Heime hos Jenny og Arild
På vei til bursdagsbarnet

På vei til Jenny gjennom parken. Dette er parken vår. Den ligg rett mellom huset eg bur i og Jenny og Arilds hus. 20 meter frå mitt hus, og 15 m frå deira hus..;)
Jenny 33 år!
Vi overraska Jenny med kake, blomster og sang. Så var det eit lite møte med sang, andakt og samtale to og to. Vi hadde mange konkurranser; fronton, tennis, idiot(kortspel), og ei løype med bibelspørsmål og aktiviteter. Laget mitt vann;) Vi såg ein film, og så dro vi på Tradicion Arequipena, ein av dei beste restaurantane i byen. Ein veldig flott dag!
Apene.. ;)

Mona(som betyr apekatt på spansk) og Jenny(som er ape, sidan ho kjem frå Ecuador, verdens største produsent av bananer..;) )
På kafé

Beathe(min kjære rektor), Maggan, Pernille og meg
Deilig mat!

Mamma Jenny og meg
god stemning..

Pernille, Maggan, Karin, Soili og Nina.. Obs, eg gløymte å nemne finnen vår, Soili i stad! -sikkert berre fordi ho e så flink på finnmarksnorsk ;)
Damekveld
Mollendo

Stranda i Mollendo. Vi var i bygget heilt til venstre på bildet.
Morgenvask

Medally, er i full gang med morgenvasken, i bakgården til kyrkja.
Lovsangskveld

Yolanda, meg og Carina på stranda

Gutane i bandet

Ørken

Sjølv om Arequipa ligg i ørkenområde, så er det mykje oppdyrka mark, og folk utnytter vatn som kjem frå demningar. Kvar ellevte dag er det for eksempel vatning på skulen, da kjem det store mangder vatn over heile området.
På vegen til kysten drog vi gjennom virkeleg ørken, der det er sand så langt auge kan sjå..
Yolanda og meg på bussen

Tur til Mollendo
Vi dro til nabobyen Mejia for å sove, og vi fekk tak over hovudet og meir til i den lutherske kyrkja der. Klokka 5.30 måtte vi opp, for vi måtte nå tilbake til Arequipa før gudstjenesta.
Det var fint å vere ilag med ungdomane, og spesielt fint å oppleve at vi ba veldig mykje. Vi starta dagen med å be, ba før maten på restaurantane, møttes etter konserten for å takke og be...
Eit innholdsrikt og flott døgn!
Når det blir sommar her, så våkner desse to kystbyane til live! No var det ikkje så veldig fristande å bade, men fint å gå ein tur på stranda.
Info...
Så frå no av vil eg berre opplyse om at kanskje overskrifta/ teksten til det bildet du ser er lengre nede på sida.. Hmm. Det her va litt vanskeleg å forklare.
Visst noken veit om andre måtar eg kan legge det ut på, så tar eg imot tips med glede!
Kvardagen min
Ein vanleg dag i Eli-Anne`s Peruliv:
Eg står opp rundt klokka sju. DÅ har eg gjerne vore våken ein halv time, for sola kjem rett inn på soverommet mitt. Eg hentar brøda ute på trappa og lagar meg frukost. Eg får mykje godt pålegg her, men brødet er det verre med. Alt er loff!
Klokka 08.10 skal skulebussen vere her. Alle vi på Den norske skulen køyrer ilag i ein minibuss til skulen.
Dagen på skulen blir starta med sang, lesing frå barnebibelen og bønn. Etterpå går vi til klasseromma. Elevane jobbar mykje etter arbeidsplan, særleg i basisfaga. Vi har det godt ilag og trivst på skulen, både lærarar og elevar. Ungane har stor plass å boltre seg på, og akkurat no er det sandkassa med Noas ark som er det store. Klokka 10.15 er det lunsj. Og 11.30 kvar dag dreg eg av garde til språkskulen. Det tek 40 minutt med buss. På dennne ruta er det berre små combiar som køyrer. Dei er ikkje laga for nordmenns lange kroppar, så eg er veldig fornøgd visst eg får sitteplass foran med sjåføren. Der e det god plass!
Eg e på språkskulen fram til klokka 13.45. Eg har hatt fire ulike lærarar, men akkurat no har eg han som er sjef på instituttet. Han er også pastor i ei frikyrkje her. Ein veldig sosialt oppegåande mann, som er glad i å prate om interesante ting. -Eller så berre skjønner han kva eg likar å prate om;) Og det set eg stor pris på. Vi pratar veldig mykje om alt mulig, kanskje særleg om korleis ting er her i Peru i forhold til i Norge. -Veldig interessant og tida går fort.
Eg tek bussen heim att etterpå. Denne gangen ein større buss!
Eg har hushjelp to ganger i veka, så da får står middagen ferdig når eg kjem heim! Herleg! -og midt i blinken for meg som aldri har prioritert å stå på kjøkkenet..
På ettermiddagen blir det ofte litt prating med dåkke i Norge på internett. For når klokka er 17 her, er den 24 heime..
Ellers går kvelden med til spansklekse, førebuing til skulen, trening.. Kvar tirsdag er det misjonærmøte der vi har feks sangkveld, delekveld, bibelstudie, familiemøte.. Og kvar onsdag er det Alfakurs med ungdommar frå ulike kyrkjer. No i oktober når dei er ferdige med alfakurset trur eg dei skal ha om det å vere kjærester. Det er nok viktig og interessant. Her i Peru er det sånn at ein ser mange kyssande par rundt omkring, men det er ofte for å vise at dette er mitt territorium. Og kvantitet vert ofte verdsatt foran kvalitet. Men i kyrkjene er det nesten ikkje lov å vere nær kvarandre når ein er kjærestar. Utad er ting veldig viktig, men likevel hender det gang på gang at eit ungt par plutseleg gifter seg. -og kanskje at fødselen blir framskunda heilt utan vidare. Så eg trur det er veldig viktig å ha undervisning og samtalar om dette blant dei unge i kyrkjene!
I helgene går eindel tid med til å vere med på ungdomsarbeid og på gudstjenester i kyrkjene. Eg har enda ikkje heilt bestemt meg for kva kyrkje eg vil gå i. Frå lørdag til søndag skal eg vere med nokre ungdommar herfrå ut til kysten. Der skal det vere kurs på dagen, og konsert på kvelden. Stor konsert der også ungdommar som ikkje er kristne kjem til å vere. Yolanda, som snart blir kjendis her på sida, skal synge. Og dei har øvd dag og natt lenge. Det blir gøy!
Kvelden og natta kjem fort her i Peru. Klokka seks blir det mørkt. Og det er ikkje lenge etter det at eg blir trøtt. Heime kan eg vere oppe til 01 lett, men her blir er trøtt så vanvittig tidleg. Når klokka er 21.30 / 22, er det virkeleg på tide å å komme seg heim og i senga.. Heilt komisk. Men har vel litt med høgda å gjere, men også alle inntrykk, nytt språk, kultur osv..
I går var eg ute å jogga rett før det vart mørkt. Det var ikkje ein veldig fin opplevelse. Det er greitt at ein får eindel ekstra oppmerksomhet her når ein er kvit i huda. Men joggande kviting... Det tar kaka! Plystring, roping, tuting, taxiar som stoppar heilt opp ved sida mi ++ Gje meg ein skog uten folk!!!!!!!! -Ja, eg e jo nordmann..;)
Til tross for at mykje er ulikt Norge, og det eg e vandt med, så trivst eg veldig godt her! -og dagane går vanvittig fort! Det er bra!
Hmm.. Va det noke meir eg tenkte på? -Vel det får komme seinare. Dette blei jo langt nok!
Håpa dåkke alle har det godt heime, eller der dåkke er.
Klemma frå Eli-Anne
15 -årsdag eller bryllup?
Rina vart kledd opp i ein kjole som nesten likna på burdekjole, og kaka minna meg mest om bryllupskake. Ho kom gåande inn i kyrkja med to brudepiker foran seg, som kasta roseblad på bakken.
Det var mykje program denne kvelden. Det heile starta med sang og preike, akkurat som ei gudstjeneste. Etterpå var det underholdning, dvs leikar, som eg ikkje alltid forstod heilt humoren med.. Vidare var det taler, alle som ville kunne sei nokre ord til 15-åringen. Det var ikkje få som meldte seg, sikkert 20 stk holdt ein liten tale. Det var langdrygt, men også fint, særleg for Rina.
Ein anna programpost var at alle som ville kunne få eit bilde av seg Rina. Men det var ingen som hadde fotoapperat utenom meg. Eg lot ei anna jente få bruke det, slik at alle bilda vart tekne uten blitz, og alle såg ut som spøkelse. Hysj! Ikkje sei det til nokon!
Vi fekk også saltmat, godteri, snæks og kake.
Til tross for mi korte tid her i Peru, har eg fått oppleve ein del bursdager, og mi erfaring er at bursdager her ikkje går forbi i stillhet. Her blir det ikkje spara på godteri, glitter og stæsj!
(Ps: i dag var eg i 5-årsdag til Larisa, eit av misjonærbarna. Kanskje eg skal legge ut bilder frå det seinare.. Ja, her går det i bursdager:))
15- åringen Rina

Rina foran heile bursdagselskapet som sikkert var 50 -60 personer.
Dans

Rina måtte danse med ein gut. Eg spurte om det var kjæresten, men det var det ikkje. Da hadde ho sikkert aldri fått danse med han.. Eg trur ho var ganske nervøs. Det heile minna meg om ein bryllupsdans.
Dans

Ungdomsgruppa hadde koreografert ein eigen dans til Rina. Dei var skikkeleg flinke, særleg noken av gutane hadde veldig bra rytme.
La Quinceanera med kaka

Ein viktig del av programmet var kaka, som forøvrig like gjerne kunne ha vore ei bryllupskake. Eg trudde den ikkje var ekte, men det var den altså, og vi åt den til slutt.
Saftpause i fotballspelinga

Samling med sang og andakt

Barna følger ivrig med på det som blir fortalt om Martha og Maria. Og syng med på sangane. -To av guttane som fekk lov å be foran dei andre begynte å be til Maria og.. Vi måtte le litt.. Det er ikkje alltid så lett å forstå alt. Desse barna bur eit godt stykke utanfor byen, og går ikkje i kyrkja, så det er virkeleg misjonsmark! Dei heng på bilen når vi drar, og spring etter. Tøffe barn, som virkeleg set pris på at dei frå kyrkja kjem til dei.
Yolanda, Pady, meg og Tina

Dei to jentene på sidene; Yolanda og Tina har forbarma seg over meg. Dei syns litt synd på meg, for alle andre misjonærar her har jo familie/ mann/ kone. Men eg har berre meg. To lørdagar på rad har eg no vore med dei og spelt fotball med nokre barn, etterfulgt av andakt og sang. Etterpå har vi dratt til kirka/ skulen der vi spelar volleyball og lærer om det vi trur på i saman med andre ungdommar. Veldig fint! På søndag var eg med dei på gudstjeneste i den same kyrkja. Eg fekk til og med vere med å bestemme 3 av sangane vi skulle synge, for ho eine er med å lede sangen. Det var stas å kunne vere med å synge skikkeleg!
Det er søndagsskule der og. Men denne dagen var det ein av barna som feira 3-årsdagen sin der. Og barneselskap her i Peru er ikkje det same som heime. Det tar heilt av meg stæsj!! -Pynt overalt, masse godteri og lilla og turkis kake med masse isporpynt oppå(kaka var god!). Midt i rommet hang det ein tigergutt-bamse(frå ole brum). Inni den var det godteri og leikar til barna. Den heiter pinata, og barna skal slå på den til alt renn ut av den. Barna får poser som dei tømmer alt godteriet og leikane i. Dette tar dei med seg heim. Og ikkje nok med det; Tina på bildet måtte også vere klovn som underholdt barna.
wow... Eg trur dette virkeleg hadde tatt kaka om eg var 5 år! Men eg må jo innrømme at eg koste meg med alt godteriet da:)
Eg dro og åt middag med Tina og Yolanda etterpå. Det er jo genialt at eg får øvd meg på spansken min. Av og til går det veldig greitt, men så stopper det plutseleg heilt opp, og eg tenker at eg kan jo ingenting...
Konklusjon: eg er veldig takknemlig for at desse jentene er så snille med meg.
Meg på eit av utsiktspunkta (mirador)

På tur med språkskulen
Spanskinspirert gate

Ut på tur i combi!

Vi køyrte rundt i combier. Her er Pernille og Thomas(mine danske sambuarar) nærmast, og Maggan og Erik(svenske misjonærer som går her på språkskule) litt lenger borte..
Meg med Chachani i bakgrunnen

Chachani er kona(la esposa) og El Misti er mannen (el esposo).
80658-47

Katedral laga av den kvite lavasteinen(sjå bildet nedanfor).
Katedral

Den kvite byen

Ja, du har vel ofte lurt på kvifor Arequipa vert kalla "La cuidad blanca"(Den kvite byen)? No skal du få svaret:
Rundt omkring i Arequipa er det mange kvite hus. Særleg midt i sentrum og rundt plazaen er alle husa kvite. Dei er laga av ein spesiell lavastein. Og vi var og såg på eit steinbrudd der dei utvinn denne steinen, som er lava frå vulkanen Chachani som ligg bak.
I dag er dette den billigaste steinen du kan få til å bygge hus, så fattige i Arequipa som bur berre bak nokre kvite steinblokker, dei bruker denne steinen.
Steinmannen

Denne mannen både bur og jobber her i steinbruddet. Det er STEINhardt arbeid frå tidleg morgon til kveld. Sola brenn og lufta er støvete, derfor maska i ansiktet på bildet. Det lukta heilt forferdeleg der, for det rann ei lita elv forbi, med kjemikalier frå ein lærfabrikk: ikkje sunt, spør du meg! Mannen har ingen trygdeordninger, han gjer alt for hand(og eg trur det er ein relativt stor risiko for å bli drept av steinras der). Han tjener 200 soles(400 nok) for 200 steinblokker(trur eg).
Ceviche

Vi avslutta dagen på ein bedre restaurant. Rykta sa at her hadde ingen blitt sjuke i magen av å ete! Eg åt corvina de ceviche, som på bildet. Ceviche, som er ein peruansk spesialitet, er nesten rå fisk, med løk og alt er lagt i ein sitronlake. Tilbehøret er søtpoteter. Min dom er: ok, verken meir eller mindre. Neste gang vil eg ha kjøt!
Vil du sjå fleire bilder?
Wellwell: http://thomasogpernille.blogspot.com/
Gutta samla til sang og andakt

Altså; det pleier å vere jenter her også!! -ikkje ein machoklubb!
Fotball med gutta

Helga som var..
To jenter på 18 og 21 år, Tina og Yolanda, ja, dei som hadde på seg dei fine Chivaydraktene på eit anna bilde her på bloggen. Det er kanskje dei to jentene eg har møtt mest her, bl. a. på alfagruppe, tivoli ++
Dei har snakka mange gangar om at dei vil at eg skal bli med i kyrkja deira. Og denne helga hadde eg tid, så da vart eg med.
Først skulle vi vere med på eit barneopplegg som ikkje var i kyrkja, men egentlig meir på ein søppelplass. Kyrkja er eit godt stykke utafor byen, men dette var enda lenger borte. Og vi måtte køyre bil frå kyrkja. Det vil sei; eg måtte køyre bil! -for første gang her. Heldigvis var det liten trafikk på desse grusvegane. Vi havna til slutt på ein grusplass, med mykje søppel rundt. 8-9 gutar i alderen ca 4-10 år venta på oss. Vi spelte fotball først. Dette var virkeleg guttane som tålte ein trøkk. Dei begynte ikkje å grine fordi dei tryna kraftig.. Vi sparka mellom kaktusar, ståltrådar, blikkboksar... Og etterpå sang vi og så fortalte Tina og Yolanda om David og Goliat, og alle gutane fulgte ivrig med. Det var ein spesiell opplevelse, å vere med desse gutane. Dei har nok svært lite å rutte med, men var så takknemlige for det dei hadde, og smitta oss med godt humør!
Etterpå køyrte vi til kyrkja, som ligg på same område som Diego Thomson, ein skule som har blitt starta opp i samarbeid med misjonen.
Her skulle det vere ungdomsopplegg for dei frå 13- 18 år. Vi spelte først volleyball og leika. Så vart eg med dei eldste inn på eit klasserom der vi skulle lære om fundamentet i det vi trur på. -ho som leda det var nok sikkert lærar, for alt var laga i powerpoint. Eg forstod ikkje alt, men fekk eit veldig godt inntrykk. Det virka som om det var god undervisning. Vi sang litt og.
På grunn av sola hadde eg sjølvsagt på meg caps. Men eg tenkte ikkje på at eg burde ta den av meg når vi skulle be. Ho som leda opplegget, måtte sei det 2 ganger før eg oppfatta at det var meg ho snakka til/forstod kva ho sa,-Respekt!
Etterpå var det meir leik...
Neste morgon vart eg med i kyrkja. Mykje lovsang og god preike(det eg forstod iallefall) Han snakka om at vi må gjere det reint i hjerta våre. Det kan vere mange ting; misunnelse, baktalelse osv som kan gjere hjerta våre "skitne". .Gud har allerede gjort hjerta våre reine, og vi er reine framfor han/ frelst. Men likevel er det heile tida ting som vil skitne tankane/ hjerta våre til, og prøve å få oss bort frå Gud. Det er viktig at vi gjer reint der.
Ei som eg gjekk i klasse med i år, Torunn, med sin nygifte mann Erik var med på alt dette. Dei skal reise rundt i verda i 9 mnd. Det var veldig kjekt å ha besøk av noken norske. Flotte folk var dei og:)
Etter gudstjenesta var det volley, og så spying for min del...
Det var iallefall ei innholdsrik helg!
Perukveld

Peruveka på Den norske skulen vart avslutta med Perukveld fredag, der alle misjonærane/ foreldra var inviterte. Elevane fortalte kva dei hadde gjort gjennom veka, vi såg bilder og video(frå høneslaktinga), elevane framførte eit skodespel og fleire sangar. På biletet ser de barna som syng ein peruansk sang dei har lært av Rafael i musikktimane. Dei spelar også Sampona. Til slutt vart det servert ein peruansk rett og frukt. Det har vore veldig kjekt å ha besøk frå den danske skulen i Cusco, og kanskje vi kan få besøke dei ein gang?
Musikk frå Peru

Her er Rafael med to gode vener. Dei spelte peruanske folkemusikk for oss. Dei var virkeleg gode, profesjonelle. Mens Rafael (rektor- Beathe`s kone) budde i Norge var han lærar i kulturskulen.
Vi fekk ei høne på besøk i dag

I dag tidleg når vi kom på skulen, var det ei høne som gjekk fritt der. Det var nokon av elevane som hadde ein mistanke om at det ikkje skulle vare så lenge.. -og dei hadde nok rett.
Gjengen samla

Hønas liv er over. Det gjekk raskt, men med betraktelege krampetrekningar. Roberto i midten hadde full kontroll.
Det var det!

Ribbing av høna

Det er lettare å ribbe høna når ein tar den i varmt vatn først. Elevane hjelpte til med å ribbe den. -etterkvart kom det ei deilig?? lukt..
Velbekomne!

Matlaging

Alle hjelper til på kjøkenet. Theresa er sjefen!
Festmåltid

Og til slutt kunne vi alle kose oss med eit herleg festmåltid: aji de Gallina, som er kylling/ høne med ein god saus og ris.
Utsikt

Utsikt over byen, Chachani til venstre og Misti til høgre.
Meg med Chachani og byen i bakgrunnen

Flott utsikt mot Chachani (6075 moh) og byen.
Her e vi på toppen!

Her er vi som kom oss på toppen! Thomas var også med, men han er fotograf.
Sjølv om det var ei steinrøys vi gjekk opp, så var det veldig fint å komme opp og få utsikt over byen.
Slik bur også folk i Arequipa.

-Eg vil tru at desse husa er særleg utsatt med tanke på jordskjelv. Det er jo typisk at dei som har minst, også er dei som er mest utsatt ved slike hendingar...
Dette fjellet da?

Vi tenkte at dette "fjellet" kanskje kunne vere vårt mål. Da kunne elevane også få sjå at det er ikkje alle i Arequipa som bur slik som vi gjer.. Og så ville vi sjå utsikten frå toppen, vi er jo nordmenn;)
Men etter ein prat med ein lokal, så fekk vi mange grunnar til å ikkje gå opp. feks: -det var vanskeleg å gå, fordi det ikkje er skikkelege vegar der. -det er berre hus på toppen. -dei som bur der likar ikkjer at vi går på "deira" omårde.. -Rett og slett mange grunnar vi ikkja hadde tenkt på..
Men vi kom oss faktisk opp til slutt, iallefall noken av oss. Vi tok ein berre ein anna veg, og prøvde å vere usynlege når vi til slutt endte opp ved huset til mannen som hadde sagt at vi ikkje skulle gå opp..
Hit ville vi..

Dette er fjella vi ser rett mot frå skulen. Skrifta som e laga i steinane er reklame, gratis vil eg tru ;) Men vi kom oss altså ikkje dit..
Peruveke
Vi har Peru som tema denne veka. Vi starta veka med ein fjelltur.
(sjå bilda over)
Peruveke på Den norske skolen i Arequipa

Huset mitt

Eg flytta inn i huset mitt paa soendag! Eg bur i 2.etg, og Pernille og Thomas( det danske volunoerparet) bur i 1 etg. Eg er kjempefornoegd. Og no skal eg bu aleine for foerste gang i livet. Det skal nok gaa bra:)
Brudepikene

Desse to jentene var brudepiker, og dei har paa seg ei drakt fraa Chivay, som ikkje er saa langt herfraa.
Soestrene gaar paa ein skule her som MLN er med aa driv. Dei er ogsaa med paa Alfakurset som Arid og Jenny driv. Ein av misjonaerane her fekk dei med i kyrkja for nokre aar sidan, etter at dei hadde mista begge foreldra sine.
Bryllup

Det andre bildet var jo altfor lite...
Bryllup
Loerdag var eg for foerste gang i bryllup her i Peru. Det var eit par som skulle gifte seg i ei av kirkene til MLN(Mision Luterana Noruega). Og eg vart invitert sidan eg var "eldstedattera" til Arild og Jenny(som eg har budd med i 1 mnd) I kyrkja var det mykje sang, tale m.m, eg skjoente jo ikkje alt..
Etterpaa var det underholdning og mat. Men dette var i eit telt UTE, noko som eg trur eg grunnen til at eg no er sjuk... Her i Arequipa er det veldig varmt i sola, men ogsaa veldig kaldt i skyggen... og om kveldane.
Jenny, som trudde ho skulle ha ansvar for nokre leikar, skjoente at ho ogsaa var toastmaster i det underholdninga skulle starte. Bra at ho e flink aa ta ting paa sparken:)
Det var liv iallefall, mange leikar og ei gruppe som spelte opp til dans. Den musikalske kvaliteten her er varierande her. Trompeten koeyrte iallefall sitt eget loep i sin egen toneart. Det var ingen talar, slik som eg e vant med fraa Norge. Daa Jenny etterlyste det, saa takka dei oss som var der for at vi kom. -Ingenting til brudeparet...
Brudeparet var som de kan sjaa vakre.
Alle misjonaerane er komt!

Paa tirsdag kom dei siste misjonaerane, det var Karin og Ivar Eiken som sit heilt til venstre. Dei har vore her i 13 aar foer, men reiste heim i 1995 trur eg. No er vi 16 vaksne og 16 barn her ute paa Perufeltet!!
Ein stor og god gjeng. Ivar har blitt den nye presidenten, og daakke kan lese om det paa perusidene paa www.nlm.no
Arequipa- dagen

Her om dagen var det over 20 ungdommar som dansa på gata rett utanfor huset eg bur i. Eg lurte på om dette var vanleg... Men så viste det seg at dei øvde til Arequipa-dagen som var på tirsdag. Eg og Jenny(mora her i huset) dro ned til byen for å få eit glimt av toga.. Det likna nesten litt på 17.mai heime. Det var parader, tog, musikk, dans i gatene frå morgon til langt på natt. Det var så fullt der nede, vi gjekk nesten heile dagen for å finne ein god plass kor vi kunne sjå noko.. Det var ikkje lett! Dette bildet vart teke på ein restaurant, kor vi egentlig måtte betale 80 kroner for å sitte på, men vi fekk ta bilder GRATIS!. wow...
Det var uansett kjekt å oppleve folkelivet i gatene!
Misjonsfest på Sandane bedehus

Misjonsfest på Sandane
Eg kom på at eg har gløymt å skrive om misjonsfesten på Sandane. -og det var jo ikkje meininga..
2. juni hadde eg utsendelsesmarkering med forbøn på Sandane Bedehus. Det var pynta så fint når eg kom dit, og det var fantastisk å sjå at bedehuset var fullt, og vi måtte sette inn ekstra stolar.
Det var utruleg kjekt å sjå alle som kom dit, unge og gamle, gode vener, bekjente og kjende ansikt.
Det var flott program med sang og musikk, og mange gode ord vart sagt, som eg kunne ta med meg hit til Peru. Vi fekk også god mat. Ein frå Fjellhaug talte, og eg vart bedd for. Det va utruleg godt å kjenne at eg har folk heime som ber for meg når eg er her. -for det treng eg!
Det var verkeleg ein stor kveld, som eg alltid vil huske.
Tusen takk til alle som var tilstades, og gjorde kvelden så bra!
Til de som vil ta meg med i bønene, så er dette ting de kan be for:
-arbeidet på Den norske skulen, at den enkelte elev må trivast og utvikle seg.
-at eg finn min plass i ein menighet
-at eg lærer språket
-at savnet av dei heime ikkje blir for stort
-generell trivsel i eit nytt land
-at Gud får bruke meg der Han vil, og på den måten Han vil.
På førehand; takk;)
Familien Herigstad

Dei 6 personane til høgre på bildet er familien Herigstad, som eg har budd med den første tida her i Peru.
Jenny og Arild, med barna Christer, Larisa, Andrè og Ariana.
Hos dei har eg følt meg som heime, og gjestfriheten har vore stor! TAKK!
"Huset mitt"

Her e huset eg skal bu i! Eg skal bu i 2.etg, mens det danske voluntørparet skal innta 1.etg. Eg var ein tur innom i går for å høyre korleis det gjekk med arbeidet. Dei sa at dei skulle vere ferdig til torsdag!! Eg som trudde det kom til å ta 1-2 mnd. Men når det er sagt, så er eg sikker på at det ikkje er ferdig til torsdag. -men kanskje om 2 veker? Eg gleda meg iallefall til å flytte inn dit:)
Meg på Placa del armas

I dag var eg for første gang på oppdagelsestur aleine i sentrum i Arequipa.
Kjekt å prøve å finne fram sjølv! -og det gjekk veldig fint. Eg fekk til og med kjøpt inn idrettsutstyr til skulen. Iallefall 5 personar fortalte meg at eg måtte passe på tinga mine, for det er mykje "ladrones"(tjuva) rundt her.. Fint at folk bryr seg:)
El Misti, bak skulen. 5700 moh

Fjella bak skulen

Elevane på Den norske skulen

I dag var vi på tur med skulen. Vi vart kjent i nærmiljøet, og det var spennande for både lærarar og elevar. Christer var desverre borte, og Emilie, den einaste jenta kjem neste veke. Så til slutt blir det 7 elevar på skulen.
Lærarane på Den norske skulen i Arequipa

Beathe, meg, Thomas, Pernille og Rafael. To par og meg..:)
Ein god gjeng!
For dei spesielt interesserte!
Den første veka her har vore ganske intens. Mange nye inntrykk, ny jobb, nye menneske, nytt språk.. Eg likar meg veldig godt her, men saknet av dåkke heime har vore sterkt.
Ha det godt alle saman!
Varme helsingar frå meg
Vel framme i Arequipa!
Vi nye misjonærane som kom i går, vart møtt på flyplassen med norske flagg og gode velkomstklemmar frå misjonærane som var her allereie. Vidare følgte kvelds med familien Herigstad, som eg bur hos no. Arild(frå Norge) og Jenny(frå Ecuador) har 4 nydlege barn, og det er godt å vere her. Avslappa atmosfære, gode folk!
Huset som eg skal bu i er ikkje ferdig enda, dei held på å mure det no. Men det blir nok fint når det først blir ferdig. Enn så lenge skal eg bu her, og kanskje på gjestehuset NLM har her. Huset eg skal bu i er berre 200 meter unna der eg bur no, og ligg fint og trygt til. Det er vakter på utsida av huset døgnet rundt, så dåkke som er litt nervøse kan slappe av!
Kva anna har eg opplevd etter eit døgn her?
-Eg har helst på ein heil del folk, som jobber i mision luterana de Noruega
-Eg har sett El Misti, vulkanen på nesten 6000 m, som ligg rett over byen.
-Det er mange fine små parker i området eg bur.
-Det er ganske så varmt her, sjølv om det er vinter..
-Folk er veldig hyggelige.
-Eg har sett folk og boligområder som er ganske stusselege, og eg veit at mange av dei slit for å få ting til å gå rundt.. -Men fattigdommen er ikkje så ekstrem som den eg opplevde i Guayaquil i Ecuador, men her er det likevel kjøligare, og folk treng bedre hus.
-Eg har blitt litt kjent med misjonærane, vi er 12 her no, pluss mange barn, og snart kjem to familiar til. Veldig kjekke folk alle saman!!
-Eg har kjøpt ein "tospråkleg Bibel" med spansk og engelsk side om side. Da kan eg slå to fluer i ein smekk! Lese i Bibelen og lære spansk på ein gang!'
I måra og lørdag skal vi ha planleggingsdag på den norske skulen. Og på mandag kjem elevane! Det blir veldig spennande. Eg gler meg til å komme i gang no:)
Og tirsdag skal eg ha 3,5 timar spanskundervisning etter skulen, så her kjem det nok til å gå i ett..:) Men det likar eg jo!!
Det var trist å ta farvel med alle gode vener, familie og ikkje minst kjæresten min, Kjell- Magne.. Og eg veit at eg vil sakne dåkke. Men eg trur eg er på riktig plass no, eg har det godt her, og gleda meg til å ta fatt på det eg skal her!
Eg ønska dåkke alle Guds Velsignelse over kvardagen! Husk at Han er alltid med, og Han vil oss alle berre det beste!
Takk for all forbøn, det set eg veldig stor pris på!
Skriv gjerne inn kommentarar her:)
Peruhelsingar frå Eli-Anne
Med panfløyter, gitar og sang gjennomførte vi "Slipp mine fløyter fri" på ein eksemplarisk måte! (Kristin, meg, Joveig og Ragga)

"Avskjedsfest"
Kva skal eg i Peru?
NY BLOGG
| ma | ti | on | to | fr | lø | sø |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | |||||
| 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 |
| 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 | 16 |
| 17 | 18 | 19 | 20 | 21 | 22 | 23 |
| 24 | 25 | 26 | 27 | 28 | 29 | 30 |
| 31 |