Han er oppstanden, halleluja!

Han er oppstanden, halleluja!

Eg har tenkt på nokre ganger at det er litt rart at eg som kristen feirer jul meir enn
påske. Hadde det ikkje vore for det som skjedde i påska for 2000 år sidan, så kunne
ikkje eg ha vore kristen, eg kunne ikkje hatt eit forhold til Gud. Fordi Jesus kom, lot seg pine,
krenke, og dø for alt det gale som eg har gjort og som eg kjem til å gjere, så kan eg få leve, evig!
Forholdet mellom Gud og menneske var øydelagt, for Gud tåler ikkje synd. Men
på grunn av at Jesus døde for oss, vart det ordna opp. Korset vart som ei bru over til Gud, over den store
kløfta som hadde vore mellom menneske og Gud. Så da kan eg, på grunn av at Jesus døde(og stod opp!!)
få leve med Gud. Gud har gjort alt, eg kan få seie TAKK. Og det vil eg: takk!

Han er oppstanden halleluja. Lov ham og pris ham, halleluja.
Jesus vår frelser, lenkene brøt. Han har beseiret mørket og død.

Lov ham og pris ham vår frelser og venn.
Han som gir syndere livet igjen.
Halleluja, vi skyldfrie er.
Halleluja, vår Jesus er her.
(huska eg rett tekst?)

Kommentarer:
Postet av:

...og melder man seg ut av religionene, blir man automatisk fritatt for alt som kalles synd, himmel og helvete.

09.apr.2007 @ 06:12
Postet av: Eli-Anne

Sjølv om det nok er provoserande, så trur ikkje eg at ein kan frita seg frå det du skriv. -Det er jo upopulært å vere uenig i at noko er sant for deg, og andre ting er sant for meg.. Men eg trur at noke er objektivt sant. Jesus kan ikkje vere den einaste vegen til Gud, samtidig som at det fins 1000 andre vegar til Gud..?
Eg vil berre sei at det kan vere eg var litt negativ, eventuelt litt for intern i denne bloggen. Derfor vil eg presisere at eg trur på ein Gud som elska alle menneske, uansett!

10.apr.2007 @ 22:49

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.sprayblogg.no/trackback/ping/5320830